No kjem «Ragnarok»: – Dei norrøne gudane var litt klønete

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er rollekarakteren Magne i «Ragnarok», som oppdagar sine mystiske krefter når han flytter til Edda. Foto: Netflix

– Ein god bodskap som serien har til dagens unge, er at det kanskje er akkurat du som er helten, sjølv om du ikkje trur det sjølv. Vurder den moglegheita – før du gir opp, seier serieskapar Adam Price til NTB.

Price er kjent for danske suksessar som «Borgen» og «Herrens veier», og fekk i oppdrag av Netflix å lage ein nordisk serie med norrøn mytologi og eit ungt, norsk skodespelarensemble.

Resultatet vart «Ragnarok», som har premiere 31. januar og rett og slett handlar om reisa til ein helt.

Brødrepar

Og den helten er det David Stakston, kjent frå «Skam», som gestaltar. Magne er ein storvaksen, tilsynelatande noko enkel unggut. Saman med veslebroren Laurits – spelt av Jonas Strand Gravli frå «22 Juli» – byrjar han på ny skule i Edda (som innspelingsstaden Odda er døypt om til i «Ragnarok»).

– Magne er god til … nokre andre ting, seier Laurits når dei introduserer seg i klasserommet. Men i Edda blir Magne usårbar og med store krefter, ifølgje traileren – som forventningsfulle filmfrikar rundt i verda allereie er i ferd med å analysere.

Og på Netflix-sida til serien står Magne med ein hammar i handa – opp mot ein lynande himmel. Den som kan mytologien, veit at der er Magne son til Tor med hammaren.

– Det sa klikk då vi møtte kvarandre, seier Jonas Strand Gravli (t.v.) og David Stakston, som klarte å sikre seg rollene som brødreparet Laurits og Magne i Netflix-serien «Ragnarok». Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK

«Quentin Tarantino-vibe»

– Det sa klikk då eg las manus, seier David (20), som til liks med Jonas (28) kallar Adam Price «eit geni». Men ikkje berre måtte dei på audition kvar for seg: Dei måtte òg prøvespele mot kvarandre, for å sjå om dei var truverdige som brødreparet.

– Vi gjekk ut av castinglokalet saman og sa «dette må vi få til saman». Det kjendest som det tok fleire år før vi fekk svaret, seier Jonas, som meiner det kvilte «ein Quentin Tarantino-vibe» over manuset, så bra synest han det var.

– Det er eit oppvekstdrama frå skulemiljø, som også handlar om godt og vondt og om rettferd. Det er viktig å legge dette med klima til ei ung setting; det er dei unge som er dei opplyste i dag, seier Jonas Gravli Strand.

Odin på elscooter

Erkefienden til Magne-karakteren i skulemiljøet teiknar til å bli ein annan «Skam»-kjenning, Herman Tømmeraas (22) – som går under namnet Fjor og er son av Eddas lokale småkonge Vidar Jutul, spelt av Gísli Örn Gardarsson.

– Eg var seld allereie då eg høyrde namnet til Adam Price. Han er ein av dei beste, seier sistnemnde, som kallar manuset «ein pageturner», der nokre av karakterane har store løyndommar.

Far og son i «Ragnarok»: Herman Tømmeraas (t.v.) og Gísli Örn Garðarsson spelar Fjor og Vidar Jutul, i den leiande familien i den fiktive byen Edda. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– To krefter møtest igjen av dei gamle gudane, er det Gardarsson røper. Han meiner at ein på Island har den norrøne mytologien tettare i medvitet enn her i Noreg, og fortel muntert om korleis islendingane feirar Torablot kvar helg i februar med flust å drikke – mens ein «et roten hai og sauetestiklar».

– Dei norrøne gudane var litt klønete og ingen superheltar, seier han. Bjørn Sundquist nikkar samd, og meiner dei gamle gudane «hadde mange menneskelege trekk». Sjølv spelar han ein rollekarakter kalla Wotan – som altså er tysk for Odin. Medan han smiler lurt, seier skodespelarveteranen dette om rolla si:

– Ein eldre, lokal mann, ein minstepensjonist som køyrer rundt på elscooter med øl på bagasjebrettet.

– Kan bli litt brutal

«I en norsk bygd fordervet av forurensning og skremt av isbreer som smelter, føles dommedag fryktelig nær. Det må en legende til for å overvinne et gammelt onde», heiter det frå Netflix om «Ragnarok».

Sjå traileren til serien her: 

Sundquist har sett tre episodar av dei seks, og seier serien er spennande – med ein illevarslande tone, som om det ligg ei udetonert bombe under.

– Det er ein familieserie, men han kan bli litt brutal her og der.

Henriette Steenstrup, som spelar den hardt prøvde aleinemora til brørne Magne og Laurits, synest det er «veldig gøy» at Netflix laga ein ungdomsserie med norrøn mytologi og ein superhelt, nettopp i Noreg.

– Det er vi som «eig» det. Serien er både spennande og brei, interessant for både ungdom og vaksne. Og eigentleg handlar han om oppvekst, seier Steenstrup.

Ein kamp for å overleve

Adam Price minner om kvifor trua på gudar og mytologi oppstod – fordi vi trong historier som tilbaud oss ei forklaring når verda verka stor og uforståeleg.

– I dag er det igjen mykje angst og redsel for framtida. Ragnarok er verdas undergang, og der lever vi i dag – det har vorte ein kamp for å overleve. Fleire filmar og seriar har brukt mytane i ei fortid, men eg synst det var spennande å kaste dei inn i vår moderne verd, seier han til NTB.

Serieskapar Adam Price blir genierklært av dei norske skodespelarane i «Ragnarok». Sjølv rosar han dei tilbake – ikkje minst dei unge skodespelarane, som han kallar svært talentfulle. Foto: Henrik Petit / Netflix

Naturen er viktig i serien, og sjølv Trolltunga er å sjå. «Ragnarok»-produsent Stine Meldgaard Madsen, også ho dansk, seier at det var verd alt arbeidet med å frakte filmfolka dit.

– Når du såg Odda, gav det full meining, seier Meldgaard. Om at «Ragnarok» skal rullast ut i 190 land seier ho:

– Det er svimlande å produsere noko her i Skandinavia med slik rekkevidde. Tanken på det har ein viss innverknad: Undervegs minte vi kvarandre på at der nordmenn og danskar kjenner mytologien, vil ikkje sjåarar i andre land gjere det. Ikkje noko måtte vere innforstått.

Det unge laget i «Ragnarok», f.v. Jonas Strand Gravli, Theresa Frostad, David Stakston, Danu Sinth, Jonas Strand Gravli, Tani Hansen og Emma Bones. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK