Desse krimperlene kan du ta fatt på i påska

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om du har runda påskekrimmane på fjersyn, så frykt ei. Her er både gamle perler og moderne klassikarar!

Den danske etterforskaren Sarah Lund (Sofie Gråbøl) skapte strikkegensermote då suksesserien «Forbrytelsen» gjekk på DR1 mellom 2007-2012. Foto: DR1

Forbrytelsen

Dansk krimklassikar, som endeleg er tilgjengeleg for gjensyn for oss som ikkje lenger har DVD-spelar!

Sarah Lund har ikkje kontroll på heimebane, men er på jobb 24/7. Kort tid før Lund skal pakke saman flyttelasset sitt og setje kursen mot Sverige, forsvinn 19 år gamle Nanna Birk Larsen. Då tenåringen vert funnen valdteken og brutalt drepen, klarar ikkje Sarah Lund gje saka over til nokon andre, for ho vil nøste opp i drapsgåta sjølv.

Saka vert meir og meir komplisert, særleg når koplingar til ein pågåande valkamp vert avdekka. Ein klassisk whodunit?

Tilgjengeleg på: TV 2 Sumo
Sesongar: 3
Episodar: 20+10+10
Speletid: 55-60 min

Kriminalsjef Tom Mathias (Richard Harrington) flyttar til utkanten av Aberystwyth i Wales etter ti år i London-politiet. Foto: All3 Media

Hinterland

Det skjer mord i idylliske omgjevnadar i Wales òg, tydelegvis. Politietterforskar Tom Mathias har flytta frå London til den walisiske byen Aberystwyth, men om han leitte etter ein rolagare arbeidskvardag så finn han den ikkje der. Første dag på jobben oppdagar politiet eit blodig forlate bad, og det vert ikkje stort betre derfrå.

Tilgjengeleg på: Netflix
Sesongar: 3
Episodar: 4+5+5
Speletid: 90-95 min

Politietterforskar Kata (Nína Dögg Filippusdóttir) må prøve å finne ut kva koplinga mellom drapa i Reykjavik er. Foto: Netflix

The Valhalla Murders

Ein mann vert knivstukken i hamneområdet i Reykjavik. Seinare vert ein annan mann angripen i heimen sin. Felles for desse drapa? Augeloka er snitta på begge lika. Drapa let til å ha noko med kvarandre å gjere, og kva er greia med det gamle fotografiet politiet finn?

Om du får verkeleg sansen for islandsk krim, så kan du også finne Trapped på Netflix eller den meir politiske Ministeren på NRKtv!

Tilgjengeleg på: Netflix
Sesongar: 1
Episodar: 8
Speletid: 55-60 min

I midten Tony Myerscough (Lee Ingleby) og kollegaane hans avslører grove kriminelle handlingar innafor fire veggar i Netflix-produksjonen Criminal. Foto: Joseharo/Netflix

Criminal

Kvar episode tek føre seg eitt avhøyr med ein minstenkt. Det høyrest ikkje så utruleg spanande ut, men ein vert sugd inn.

Du kan følgje avhøyr anten i Frankrike, Spania, Tyskland eller Storbritannia (der det er kome to sesongar). I sistnemnde dukkar mellom andre sjølvaste Jon Snow opp (og spørsmålet er om han framleis ikkje veit noko som helst).

Tilgjengeleg på: Netflix
Sesongar: 5
Episodar: 3+3+3+3+4
Speletid: 40-50 min

Stortjuven Assane Diop (Omar Sy) ser opp til gentlemanstjuven Arsène Lupin, som har gitt namn til denne franske krimserien. Foto: Emmanuel Guimier /Netflix

Lupin

Om du er lei av brutale mord og seriemordarar, så er franske Lupin avbrekket for deg. Spesielt om du forstår fransk eller likar å lese undertekstar.

Som barn fekk Assane Diop ei bok om den fiktige gentlemanstjuven Arsène Lupin, som var kongen av forkledningar. Diop vert litt vel inspirert av sin litterære barndomshelt, og brukar nokre triks frå Lupin til å gjennomføre hemnplanane sine. Det store spørsmålet her er ikkje kven gjorde kva, men heller korleis?!

Tilgjengeleg på: Netflix
Sesongar: 1 
Episodar: 5
Speletid: 42-52 min

Kaley Cuoco spelar hovudrolla i HBO-serien The Flight Attendant. Foto: HBO Nordic

The Flight Attendant

Flyvertinna Cassandra Bowden flyr verda rundt og har heile livet sitt i ein koffert. Ho er ung og har ikkje særleg med ansvar, og kan såleis leve livets glade dagar. Heilt til ho vaknar ein morgon, etter eit one night stand, og flørten hennar ligg drepen på sengekanten.

Ho hugsar ikkje kva som har hendt, og prøvar febrilsk å pusle saman minna frå kvelden før, medan frykta for å verte skulda for drap gjer dømmekrafta stadig dårlegare.

Tilgjengeleg på: HBO Nordic
Sesongar: 1
Episodar: 8
Speletid: 55-60 min

DS Steve Arnott og DC Kat Fleming jaktar på korrumperte kollegaar. Foto: Content Media Corporation PLC

Line of Duty

Britane sin store krimfavoritt! Serien følgjer tilsette i den såkalla AC-12, anti-korrupsjonsavdelinga i det britiske politiet. Dei tilsette i avdelinga skal avdekke korrupsjon innan eigne rekkjer, og er sjeldan rett fram for DC Kate Fleming og DS Steve Arnott.

Ver førebudd på å aldri heilt vere sikker på kven som er bra folk og kven som er rotne egg.

Tilgjengeleg på: TV 2 Sumo
Sesongar: 4
Episodar: 5+6+6+6
Speletid: 55-60 min

Carey Mulligan speler etterforskar Kip Glaspie i den spanande britiske miniserien Collateral. Foto: Fabio Affuso/Netflix

Collateral

Eit pizzabod vert skoten på jobb i London, og drapet let til å vere utført av ein profesjonell. Oscar-nominerte Carey Mulligan spelar politietterforskar Kip Glaspie som har i oppgåve å finne ut kva som har hendt. Korleis passar dopsal, menneskesmugling og MI5 inn i puslespelet?

Tilgjengeleg på: Netflix
Sesongar: 1
Episodar: 4
Speletid: 55-60 min

I tredje sesong får etterforskar Saga (Sofia Helin) selskap av Henrik (Thure Lindhardt). Foto: Carolina Romare/Filmlance International/Nimbus Films 2015

Broen

Våre nordiske naboar veit å lage spanande krim. Då liket av ein svensk politikar vert funne på Øresundsbrua, akkurat på grensa mellom Sverige og Danmark lyt den sosialt utilpasse Saga Norén slå seg saman med sin svenske kollega Martin Rohde for å finne mordaren.

Mange fekk med seg første sesong av Broen, då den kom for ti år sidan, men dei påfølgjande sesongane er ikkje dårleg påskeunderhaldning dei heller.

Tilgjengeleg på: Netflix
Sesongar: 4
Episodar: 10+10+10+8
Speletid: 55-60 min

Matthew Rhys spelar detektiven Perry Mason i serien med same namn. Foto: HBO Nordic

Perry Mason

Kva med litt krim, men sett i gamle dagar? HBO har pusta liv i karakteren Perry Mason, som er privatdetektiv og seinare forsvarsadvokat. Serien er sett til Los Angeles på 1930-talet, og då eit spedbarn vert kidnappa vert Mason sett på saka.

Tilgjengeleg på: HBO Nordic
Sesongar: 1
Episodar: 8
Speletid: 55-60 min

Foto: Steffan Hill/BBC 2015

Luther

Idris Elba spelar John Luther, ein politimann som kanskje er litt i overkant villig til å tøye reglane for å sikre at kriminelle hamnar bak lås og slå. Luther får sitt svare strev med Alice Morgan (spelt av Ruth Wilson), som er lynande smart og veit å bruke intelligensen sin til å få det som ho vil, sjølv om det betyr at ho får blod på hendene.

Tilgjengeleg på: Netflix
Sesongar: 5
Episodar: 6+4+4+2+4
Speletid: 55-60 min


Bilete: Avalon Distribution / HBO Nordic/ Comedy Central