Bokmelding: «Brennmaneteffekten» – glimrande folkeopplysing om å ta vare på naturen

Magnus Rotevatn
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Paleontolog og miljøvernar Lene Liebe Delsett har skrive boka Brennmaneteffekten. Det er hennar fyrste bok.

Boka er ein slags tilstandsrapport frå den norske naturen. Korleis står det eigentleg til med dei ulike dyra og plantene i Noreg? Kva for nokon farar truar? Og kvifor er det viktig å ta vare på naturen?

Håp i alt det triste

Forfattaren har utvilsamt eit stort hjarte for naturen og mylderet av liv – det er eit mirakel! Ho greier å setja ord på kvifor det er viktig med biologisk mangfald, og forklarar kvifor me bør verna om naturen. Det handlar ikkje berre om at dyr er søte og friluftsliv gøy. Naturen er overalt rundt oss og er utgangspunktet for vår eksistens.

Ein betre gjennomgang av naturen i Noreg skal ein leita lenge etter. Naturtype for naturtype blir presentert, og Delsett fortel kva for nokre utfordringar dei ulike naturtypane i Noreg står overfor.

Ofte er det trist lesing, mykje natur er allereie øydelagd eller på brestepunktet. Likevel greier forfattaren å formidla eit håp, me kan framleis kjempa – kampen er enno ikkje tapt.

Folkeopplysning

Det er ingenting å klaga på når det gjeld formidlingsevna til Delsett. Når ho fortel er det som om ein faktisk er med ho på tur i naturen. Språket er levande, og teksten flyt.

Komplekse tema blir med hjelp av sylskarpe setningar enkle å forstå. Sjeldan opplever eg å læra så mykje av ei bok.

Brennmaneteffekten er folkeopplysing! Den viktigaste lærdommen frå denne boka er at me ikkje må tru at det finst natur som ikkje er viktig. Systema og mangfaldet i naturen er innvikla og vanskelege å forstå. Det er så uendeleg mykje som me ikkje veit. Men naturen kan vera skjør, og det er ikkje lett å veta kor grensa går for kor mykje ulike delar av han toler.

Brennmaneteffekten er ei fantastisk bok. På ein tydeleg og enkel måte blir naturkrisa forklart. Dette bør bli lesestoff for mange!


LES OGSÅ: Denne boka får deg til å forstå vindmølledebatten