Denne boka får deg til å forstå vindmølledebatten

Magnus Rotevatn
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Egersund, der eg bur, er vindmøllene synlege over heile byen. I løpet av nokre få år har dei reist seg opp frå landskapet under. Anten ein er på veg til skulen, på handletur eller går tur i skogen kan ein sjå vindmøllene. Og ved vindauget der eg sit og skriv har eg sjølvsagt utsikt til ei klynge med vindmøller.

Både frå Egersund vindpark og Bjerkreim kan ein sjå dei blinkande raude lysa om natta og dei slanke metallkroppane om dagen.

Kvifor hissa seg opp over vindmøller?

Som alle andre stadar i Noreg der det har dukka opp vindkraftverk har nokon blitt sinte, verkeleg sinte. Til dømes har den lokale Motvind-gruppa på Facebook nesten 700 medlemar. Og det verkar som den gjengse meininga blant folk er at vindmøller er noko me helst skulle ha vore forutan. Men eg har aldri skjønt det, kva er det som er så ille med vindmøller?

Vindmøller i Eigersund kommune i Rogaland.
Foto: Terje Pedersen / NTB

Eg har aldri fatta kvifor ein skal hissa seg opp over vindmøller. Naturopplevingane mine blir ikkje dårlegare om det står ei vindmølle på ein topp i nærleiken. Er ikkje vindmøller eigentleg fantastiske? Rein og fornybar energi! Ein liten pris å betala for eit betre klima. Kva er det som gjer at folk blir så sinte?

Eg er visst ikkje den einaste med eit slikt forhold til vindmøller. Òg forfattaren Anders Totland har undra seg over kvifor folk blir så engasjerte når temaet er vindmøller. Han er frå Kvinnherad og la merke til at sjølv om det aldri hadde blitt føreslått å byggja ut vindkraft i kommunen stod det folk utanfor den lokale butikken og protesterte mot vindkraft. Kva er drivkrafta deira?

Akkurat det ville han skriva bok om, resultatet blei Vindmøllekampen: historia om eit folkeopprør.

Boka for deg som ikkje anar kva ein konsesjon er

Anders Totland er ein allsidig forfattar. Sidan debuten i 2015 har han gjeve ut ein rekkje bøker i dei fleste sjangrar. I bibliografien til Totland kan ein finna alt frå ungdomsromaner via ei kokebok til fleire kritikarroste faktabøker for barn. Vindmøllekampen: historia om eit folkeopprør er hans fyrste sakprosabok for vaksne.

Med eit mål om å forstå og forklare det ustyrlege engasjementet mot vindmøller i Noreg tek Anders Totland oss med på ei spennande ferd. Fyrst og fremst er boka ei solid innføring i vindmølle-debatten. Det er mange år sidan det for fyrste gong blei bygd ut vindkraft i Noreg, og det er nok ikkje mange som har oversikt over saka lenger. Kva har eigentleg skjedd? Og kva for nokre reglar gjeld?

Viss du ikkje anar kva ein konsesjon er, eller lurer på kven som står bak organisasjonen Motvind eller kva NVE eigentleg driv med, så er dette boka for deg!

Omslag: Samlaget

Båe sider – utan fordommar

Anders Totland skriv godt. Han har evna til å gjera svære og kompliserte saker lette å forstå. Teksten har alltid eit godt driv og veit kor han skal. Tankerekkjene til forfattaren er tydelege og lette å følgja. Vitelysten og ønsket om å forstå skinn igjennom og smittar lett over på lesaren.

Forfattaren viser stor omsorg for menneska han skriv om, det er trass alt dei boka faktisk handlar om. Boka har ikkje eit vondt blikk til verken den eine eller andre sida av saka. Men lèt personar frå båe sider snakka og forklara kvifor dei meiner det dei meiner.

Argumenta blir ikkje presentert på ein fordomsfull måte, men med godvilje og saklegheit. Sånt blir me som lesarar klokare av!

Kan likna eit referat

Av og til er boka for treig, og nokre plassar kan teksten likna eit referat. Når det blir for mange detaljar blir teksten kjedeleg og uengasjerande. Og eg måtte lesa ganske langt inn i boka før eg kom dei delane som eg tenkjer er interessante, altså dei delane der blikket blir vendt utover frå fakta om konsesjonsrundar og tekniske detaljar til menneska som kjempar for og imot vindmøller.

I løpet av lesinga av boka har eg ikkje blitt overtydd vindmølle-motstandar, det har nok heller aldri vore noko mål for forfattaren. Eg meiner framleis at vindmøller stort sett er ein ganske flott ting.

Men kanskje er eg litt meir budd før neste gong vindmøller er tema i ei samtale. Og kanskje kan eg visa litt meir empati med motstandarane av vindmøllene – dei som faktisk synest at vindmøllene øydelegg landskapet og gjer livet dårlegare.


«Hjertet er en knyttneve» av Ingrid Ovedie Volden fekk Anders Totland til å grine, «Tre menn til Vilma» av Gundrun Skretting fekk han til å le, matteboka på vidaregåande gjorde han sint, og «Tre vegar til havet» av Brit Bildøen fekk han til å tenkje.

Bokfakta

  • Tittel: Vindmøllekampen: historia om eit folkeopprør
  • Forfattar: Anders Totland
  • Forlag: Samlaget
  • Utgitt: 2021
  • Sjanger: Sakprosa