«Ok boomer» – og andre ting du kan seie til onkelen din om klima

Janne Nerheim
Publisert
Oppdatert 16.04.2021 08:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Då eg lærte om klimakrisa som barn, kunne eg ikkje forstå at dei vaksne kunne sitje stille i middagsselskap. Det såg ut til at alt var heilt fint, men det var det jo ikkje. Eg hugsar at eg tenkte; er det eg eller dei som har misforstått?, fortel Nora Heyerdahl.

No er ho 21 år og har kjempa for naturvern så lenge ho kan hugse. I boka Ok boomer – og andre ting du kan si til onkelen din om klima skriv ho om sine erfaringar med vaksne som ikkje trur på klimakrisa.

– Eg har møtt mange som har reagert negativt på min klimaaktivisme som barn og ungdom. Eg trur dei reaksjonane kan stoppe barn og unge frå å snakke meir om klima og miljø, seier ho.

Barn og unge blir mobba

Ei spørjeundersøking frå Redd Barna viser at 1 av 10 barn og unge har opplevd å bli mobba av vaksne for å kjempe for eit betre klima og miljø.

Nora Heyerdahl har skrive boka “Ok boomer – og andre ting du kan si til onkelen din om klima”. Foto: Spartacus forlag

– Vi veit at barn blir mobba av vaksne. Då eg var barn byrja folk å le av mitt engasjement fordi eg «var så søt». Det er jo ein hersketeknikk dei vaksne brukar, seier ho.

Med boka ønskjer Heyerdahl å gje unge sjølvtillit til å gå ut i verda med ryggen rak. Med ei verktøykasse med gode svar og ein tryggleik som gjer at dei toler vaksne sine kritiske haldningar på best mogleg vis.

– Viss ein tenkjer gjennom dette i forkant, kan ein takle kritiske folk med meir sjølvtillit. Då gjer det ikkje noko at enkelte himlar med auga, seier ho.

Lov å vera sint

Nora Heyerdahl viser til at halvparten av CO2-utsleppa i verda er sleppt ut sidan 1990, då dei som er godt vaksne no var på veg ut i vaksenlivet.

– Dei som har hatt makta i den perioden, har ikkje gjort nok. Viss unge er sinte for det, meiner eg at det er lov å vera det. Eg er også sint. Det betyr ikkje at eg er sint på mamma, men at eg er sint for det som har skjedd, seier Heyerdahl.

Viss du er sint, er det lurt å bruke sinnet klokt.

– Meld deg inn i ein organisasjon eller skriv brev til nokon med makt. Eg kjenner ein del politikarar, og dei blir rørt og opptatt av brev frå unge. Og snakk med dei vaksne rundt deg. Vis følelsar og fortel dei kva du er bekymra for.

Ikkje slå onkel med ei steikepanne

Nora Heyerdal fortel at sjansen er større for at vaksne høyrer på det du seier viss du viser at du lyttar og at du respekterer dei.

– Instinktet kan vere at du får lyst å slå onkelen din i hovudet med ei steikepanne. Ikkje følg instinktet, men tren på å avvente og lytte.

Ho minner òg om at familien skal vere ein trygg stad der alle også kan leggje frå seg diskusjonar. Det er mogleg å vere glade i kvarandre, og likevel vere ueinige om klima. 

– Viss det er julaftan og du og onkel Torgeir har krangla om klima sidan forretten, og no er det riskrem, så er det viktig å seie; «onkel eg er glad i deg, vi er ueinige, og det er greitt. No et vi riskrem». 


Foto: Blake Wisz/Unsplash, Svein Olav Langåker, Lise Åserud / NTB. Kollasj: Framtida.no