Quiz: Dødsstraff, fotballkort og trafikkork
– kor mykje hugsar du frå nyheitsveka?

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Quiz: Nyheitsquiz veke 12

  1. Spørsmål 1 av 11

    1.

    Tysdag heldt Israel sitt fjerde val på to år. Men kor lenge har Benjamin Netanyahu vore statsminister? 

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  2. Spørsmål 2 av 11

    2.

    Kven gjekk sigrande ut av kjendisutgåva av 71 grader nord?

    • Du heldt stø kurs mot rett svar! 

      Henrik Elvestad padla seg til finalen, og hadde kunnskapar nok til å sikre seg sigeren i årets utgåve av 71 grader nord – Norges tøffeste kjendis. Han kunne då cruise heim i ny bil. 

    • Her klussar du med kart og kompass. I motstnad til Henrik Elvestad oppdagar du det ikkje tids nok, og alt vert feil. 

      Henrik Elvestad padla seg til finalen, og hadde kunnskapar nok til å sikre seg sigeren i årets utgåve av 71 grader nord – Norges tøffeste kjendis. Han kunne då cruise heim i ny bil. 

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  3. Spørsmål 3 av 11

    3.

    Korleis markerte det norske fotballandslaget motstand mot menneskerettsbrota under førebuingane til VM i Qatar?

    • Korrekt!

      Til kvalifiseringskampen mot Gibraltar hadde landslaget teke på seg t-skjorter med påskrifta «HUMAN RIGHTS On and off the pitch». 

      Protesten vekte internasjonal merksemd, og seinare markerte også Tyskland motstand på liknande vis.  

      The Guardian melde i februar at minst 6500 arbeidarar har mista livet i Qatar, etter at landet vart tildelt meisterskapet. 

      Fleire fotballklubbar i Noreg har teke til orde for boikott av meisterskapet i Qatar, grunna menneskerettsbrota som har funne stad i førebuinga. Norges Fotballforbund har utsett debatten om VM-boikott til nærare sommaren. 

    • Feil!

  4. Spørsmål 4 av 11

    4.

    Prins Harry har fått seg ny jobb. Kva skal den tidlegare kongehus-tilsette ta seg til no?

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  5. Spørsmål 5 av 11

    5.

    Tiktokar Bryce Hall og Youtubar Austin McBroom skal avgjere kva plattform som er best. Korleis?

    • Du går av med sigeren med teknisk knock out!

      Fleire Tiktok- og Youtube-profilar skal møtast i bokseringen, i det som vert kalla «battle of the platforms». I byrjinga av juni barkar profilane saman i eit strøyma arrangement, der òg musikarar vil spele. 

      Ingen av dei to selskapa er involverte. 

    • Du tapar i ein teknisk quiz-knock out. 

      Fleire Tiktok- og Youtube-profilar skal møtast i bokseringen, i det som vert kalla «battle of the platforms». I byrjinga av juni barkar profilane saman i eit strøyma arrangement, der òg musikarar vil spele. 

      Ingen av dei to selskapa er involverte. 

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  6. Spørsmål 6 av 11

    6.

    Kva heiter skipet som sperra av Suezkanalen?

    • Rett svar! Har du Ever Given up? Du treng ikkje det no, i alle fall.  

      Det enorme skipet Ever Given (som er leigd av selskapet Evergreen) køyrde seg fast i Suezkanalen, som er ei enormt viktig handelsrute, og skapte alle trafikkorkars mor.

      Skipet er 400 meter langt og stod på tvers av kanalen, og har skapt hovudbry utan like.

      Over 200 lasteskip står i kø, og nokre skip legg ruta om Kapp Horn for å unngå kanalen – trass i at ruta tek 12 dagar lenger. 

      (Lat oss alle sende eit par tankar til losen og skipskapteinen, som nok var ok stressa.)

    • Har du Ever Given up? Du gav opp å svare rett på dette spørsmålet i alle fall. 

      Det enorme skipet Ever Given (som er leigd av selskapet Evergreen) køyrde seg fast i Suezkanalen, som er ei enormt viktig handelsrute, og skapte alle trafikkorkars mor.

      Skipet er 400 meter langt og stod på tvers av kanalen, og har skapt hovudbry utan like. 

      Over 200 lasteskip står i kø, og nokre skip legg ruta om Kapp Horn for å unngå kanalen – trass i at ruta tek 12 dagar lenger. 

      (Lat oss alle sende eit par tankar til losen og skipskapteinen, som nok var ok stressa.)

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  7. Spørsmål 7 av 11

    7.

    Erling Braut Haaland er ikkje berre ettertrakta på fotballbana, men også som fotballkort. Kor mykje betalte ein ivrig samlar for eit Haaland-kort denne veka?

    • Riktig!

      Ein ivrig fotballkort-samlar betalte denne veka 341 000 kroner for eit plettfritt Erling Braut Haaland-kort. Startprisen var på magre ti kroner, men budrunda tok av. (Kjøparen hadde sikkert fått att på skatten.) 

      Så gjenstår det framleis å sjå kva ivrig storklubb som klarar blade opp nok pengar til å sikre seg den verkelege Erling Braut Haaland, etter sesongen målmaskina har hatt i Dortmund. 

  8. Spørsmål 8 av 11

    8.

    Natt til laurdag trekte president Erdogan Tyrkia ut av Istanbul-konvensjonen. Kva er målet med konvensjonen?

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  9. Spørsmål 9 av 11

    9.

    Onsdag avskaffa den første av dei amerikanske sørstatane dødsstraff. Kva stat var det?

    • Korrekt! 

      Virginia vart denne veka den aller første av dei amerikanske sørstatane til å forby dødsstraff! Virginia er samla sett den 23. amerikanske staten til å forby dødsstraff. 

      Det første dokumenterte tilfelle av dødsstraff i staten skriv seg attende til 1608, då ein spansk spion vart avretta i Jamestown.

      Til saman har 1390 personar vorte avretta, men ingen sidan 2017. 

    • Feil svar. 

  10. Spørsmål 10 av 11

    10.

    Eurovision vert utan Kviterussland i år. Kva heiter bandet som er diska?

    • Galasy ZMesta sin første song «Ya Nauchu Tebya» skal ha hatt politiske undertonar, noko som ikkje er tillete i Eurovision, og skal ha håna demonstrantane som krev at den omstridde president Lukasjenka går av.

      Kviterussland fekk ein ny sjanse til å sende inn eit bidrag, men også dette bidraget var i strid med spelereglane i Eurovision. 

      Difor går årets Eurovision av stabelen i mai utan eit kviterussisk bidrag. 

    • 0 poeng til deg, du svarar feil. 

      Galasy ZMesta sin første song «Ya Nauchu Tebya» skal ha hatt politiske undertonar, noko som ikkje er tillete i Eurovision, og skal ha håna demonstrantane som krev at den omstridde president Lukasjenka går av.

      Kviterussland fekk ein ny sjanse til å sende inn eit bidrag, men også dette bidraget var i strid med spelereglane i Eurovision. 

      Difor går årets Eurovision av stabelen i mai utan eit kviterussisk bidrag. 

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  11. Spørsmål 11 av 11

    11.

    Kvifor har ei rekkje kinesiske kjendisar brote samarbeidsavtalane sine med internasjonale merkevarer denne veka?

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt

Resultat:  

Vurdering:  

Ikkje gå glipp av desse!

Noereh har fått sin første sørsamiske leiar! – Eg hadde nok ikkje våga å vere med om eg ikkje hadde kjent nokon i organisasjonen før eg blei med, fortel påtroppande leiar Maria Westerfjell Grensemo (24) 

Den nye Noereh-leiaren Maria Westerfjell Grensemo (24) brenn for samiske møteplassar, klima og miljø. Foto: Privat