Prisnominert for si første ungdomsbok: – Er det sant eller ein draum?
Peter F. Strassegger er blant dei som kjempar om prissummen på 300.000 danske kroner.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg må gni meg i auga. Er det sant eller ein draum? For det er ein draum å bli nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris. Og eg trudde ikkje eg skulle få oppleva det. Takk, takk, takk! seier Peter F. Strassegger i ei pressemelding.
Torsdag vart det klart at forfattaren er ein av dei 14 nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2021 for ungdomsromanen Aleksander den store.
For god til å vere slutt
Romanen er den første ungdomsboka frå Strassegger, som i 2012 mottok Tarjei Vesaas’ debutantpris for romanen Stasia.
Framtida.no sin meldar meinte Aleksander den store var «for god til å vere slutt etter berre 121 sider», og rådde bibliotek og skular til å kjøpe inn mange eksemplar.
Juryen kallar romanen ein medrivande roman med mykje undertekst, kompromisslaust fortalt frå ein tenåringsgut sin synsvinkel. Historia får vidare ros for å syne fram at vondt og godt ikkje utelukkjer kvarandre, men tvert om kan vere to sider av same mynt.
Den andre norske boka som er nominert, er barneboka Min venn, Piraten av forfattar Ole Kristian Løyning og illustratør Ronny Haugeland.
Vinnaren mottek 300 000 danske kroner og vert offentleggjort 2. november.
- Lurer du på kva bøker Strassegger sjølv les? Kik i bokhylla hans!
Dette er dei nominerte:
Frå Danmark:
- Vulkan av Zakiya Ajmi, Gads Forlag.
- Den rustne verden, 3 – Ukrudt av Adam O, Høst & Søn/Gyldendal
Frå Finland:
- Mitt bottenliv – av en ensam axolotl av Linda Bondestam. Förlaget M.
- Kesämyrsky av Siiri Enoranta. WSOY.
Frå Færøyane:
- Sum rótskot av Marjun Syderbø Kjelnæs., Bókadeild Føroya Lærarafelags.
Frå Grønland:
- Aima Qaqqap Arnaalu av Bolatta Silis-Høegh. Milik Publishing.
- Blokkin á heimsenda av Arndís Þórarinsdóttir og Hulda Sigrún Bjarnadóttir. Mál og menning.
- Grísafjörður: Ævintýri um vináttu og fjör av Lóa H. Hjálmtýsdóttir. Salka.
- Min venn, Piraten av Ole Kristian Løyning og Ronny Haugeland (ill.). Vigmostad & Bjørke.
- Aleksander den store av Peter F. Strassegger. Samlaget.
- Jođašeaddji Násti av Kirste Paltto og Laila Labba (ill.). Davvi Girji.
- Jag och alla av Ylva Karlsson og Sara Lundberg (ill.)., Rabén & Sjögren.
- De afghanska sönerna av Elin Persson, Bonnier Carlsen.
Frå Åland:
- Nattexpressen av Karin Erlandsson og Peter Bergting (ill.). Schildts & Söderströms og Bonnier Carlsen.
- Les også korleis livet var for forfattar Tom Egeland, då han var 20 år:
– Overraskande fekk eg tilbod frå vekebladet Vi Menn om å byrje som journalist der.