Regjeringa vil ha lokal eksamen for alle Vg3 og påbyggelevar
Elevrådsleiar reagerer på forslaget frå utdanningsminister Guri Melby om å framleis gjennomføra munnleg eller praktisk-munnleg eksamen for Vg3-elevar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– For å sikre likebehandling føreslår me at alle elevar på Vg3 studieførebuande og påbygg skal ha ein munnleg eller munnleg-praktisk eksamen.
Det seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) i ei pressemelding.
Regjeringa har hatt ei kort høyringsgrunde om forslaget, der dei har fått inn 386 svar.
Elevrådsleiar reagerer
Vanlegvis kjem kring 60.000 tiandeklassingar og 187.000 vidaregåandeelevar opp i munnleg eller munnleg-praktisk eksamen. Alle avgangselevar vert vanlegvis trekt ut til munnleg eller praktisk-munnleg, i tillegg til skriftleg eksamen.
Utdanningsminister Guri melby (V) vil at avgangselevane i år framleis skal ha munnleg eller munnleg-praktisk eksamen for å få ei ekstern evaluering i tillegg til standpunktkarakteren.

Leander Fjeldstad er elevrådsleiar ved H20 Hersleb videregående skole og leier koronakomiteen til elevrådet. Foto: privat
Elevrådsleiar ved Hersleb videregående skole (H20), Leander Fjeldstad, er ueinig i avgjerda.
– Når grunnlaget for at skriftleg eksamen er avlyst er fordi det er store forskjellar i undervisninga landet over, meiner vi det også burde gjelde for munnlege eksamenar. Om vi ikkje har grunnlag for skriftleg eksamen har vi heller ikkje grunnlag for munnleg, skriv han i ein e-post til Framtida.no
Han fortel at elevrådet den siste tida har fått fleire tilbakemeldingar frå stressa og bekymra elevar.
– Bekymringa for at vi ikkje lærer nok er hovudproblemet. Dette forslaget til statsråd Melby skapar uforutsigbarheit for elevar og lærarar.