Herman Flesvig forlet NRK for Schibsted

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nyleg vart det kjent at trioen i Radioresepsjonen sluttar i NRK. No melder Schibsted News Media at trioen blir ein del av ei ny podkastsatsing – og fleire aktørar følgjer etter.

– Vi er meir enn utruleg fornøgde med å ha signert Tore og Steinar Sagen og Bjarte Tjøstheim, og vi gler oss veldig til å jobbe med dei, seier Siv Juvik Tveitnes, konserndirektør for Schibsteds nyheitsmedium.

Tore Sagen, Steinar Sagen og Bjarte Tjøstheim i Radioresepsjonen melder overgang frå NRK til Schibsted. Foto: NRK.

Satsar på abonnement

Schibsted News Media skal satse på eit abonnementsbasert podkastprodukt. Og Sagen-brørne og Tjøstheim er ikkje dei einaste som melder overgang frå NRK. Herman Flesvig og Mikkel Niva, duoen bak Noregs største podkast «Friminutt», blir òg ein del av Schibsteds nye podkast-satsing.

– Etter snart tre år med «Friminutt», så er det på tide at vi trekkjer inn i klasserommet og byrjar å jobbe litt for pengane. Når det gjeld sjølve innhaldet vi skal lage, kan vi garantere like meiningslaust innhald, fjas og moro som før, seier Herman Flesvig og Mikkel Niva i ein felles uttale.

Podkast-avtalane til Flesvig, Niva, Tjøstheim og Sagen-brørne er med Schibsted, og ikkje med dei enkelte mediehusa, heiter det i pressemeldinga.

– Vi forstår at denne gode nyheita vil generere ein heil masse spørsmål, men på grunn av avtalane vi har med dei kommande podkast-stjernene våre, og dessutan konkurranseforhold, er det framleis ein del informasjon vi enno ikkje er klare til å dele, seier Siv Juvik Tveitnes.


Saman med Ingrid Gjessing Linhave og Robert Stoltenberg skal Mikkel Niva styre skuta under årets TV-aksjon på NRK. Foto: Erik Burås/NRK.