Visdomstann – borte, men ikkje sakna


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg har vanlegvis veldig lite tid til å gjere ting, fordi eg er oppteken med å dra på arrangement og springe rundt på jobb – men no som heile Oslo by er stengd ned, så er det jo heilt ærleg ikkje så mykje å gjere.

Eg bestemde meg difor for å gjere noko med eit av mine største problem her i livet. 

Visdomstennene mine.  

Dei som har følgt livet mitt på Instagram, har kanskje fått med seg at eg har hatt store problem med desse tennene. Eg har gått til tannlegar i over eit år, og det einaste eg har motteke har vore diverse smertestillande, eit ark med kjeveøvingar, og ein runde med antibiotika. 

Etter eit tannlegebesøk i Nydalen kor dei tok bilete, vart det klart at det ikkje sto særleg bra til inni munnen min likevel. Visdomstennene mine var som å ha fire vaksne menneske buande på eit 8 kvadrats rom – altså ei fin gjenspeiling av bustadsituasjonen i Oslo sentrum. Uansett, dei måtte ut. 

Tannlegen sa at ho kunne få ho ut allereie same dag. 

Eg ringde mamma, sånn som eg alltid gjer når eg treng råd. Og så ringde eg pappa, sånn som eg alltid gjer når eg treng pengar for å få råd. Begge sa eg skulle gjere det, og begge ville bidra. 

Eigentleg, så er det berre på sin plass at dei vippsa eit par laken, fordi det er deira dårlege gener som sette meg i situasjonen – men det er likevel veldig snilt. Shoutout. 

Sjølve trekkinga var ok. Eg fekk lokalbedøving, og må ærleg innrømme at det var deilig å ENDELEG få slappa av litt, sjølv om det berre var i sånn … 5 % av kroppen. Eg fekk til og med høyre på Taylor Swift på shuffle play på radioen.

Om nokon lurte, så er det beste Taylor Swift albumet å trekke tenner til 1989. Det gjorde det litt lettare at nokon drog bein ut av kroppen min medan eg var i vaken tilstand, når eg samstundes fekk tæppe takta til «Style» med fingrane. 

Sjølve trekkinga varte i omtrent ein time, og tanna var så stor at tannlegen tok eit bilete av ho til sin «personlege kolleksjon». Eg spurde om eg kunne få ho med meg heim. Tanna altså, ikkje tannlegen (nynorsk er rart av og til). Tanna var tross alt mitt andsverk, ettersom eg har laga ho sjølv. Det fekk eg.

Eg vil vise dykk tanna, men det ville vore litt grafisk å legge ut det faktiske biletet, så eg traca det heller på iPaden. I hereby present to you: 

Etter trekkinga gjekk eg heim, brukte sånn 600 kroner på medisinar og isposar, og dagen etter vakna eg sånn her:

Konklusjonen min er følgjande:

Det er ikkje spesielt vondt å faktisk trekke ei visdomstann. Det vonde kjem dersom du overlever trekkinga, og må vere i live veka etterpå. 

Det går betre med meg no.


Les også om Linn sitt personlege helvete – mattetimane på VGS: «Eg strauk som eit strykejern, fekk ikkje til noko som helst»

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen