Skumle engelske gods, «Rasende binne» og storpolitikk – her er forfattarane sine påsketips

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Helene Flood: Rebecca – Daphne du Maurier

Helene Flood er ein av Noregs mest lovande spenningsforfattarar. Thrilleren Terapeuten vart seld til 27 land allereie før han kom ut på norsk i 2019, og eit amerikansk filmselskap har allereie sikra seg rettane.

Ho les sjølv ein del krim, og dreg fram ein klassikar som nyleg vart adaptert til film av strøymetenesta Netflix.

– Då går eg klassisk, og anbefaler Rebecca av Daphne du Maurier, trur eg – ein tett og uhyggjeleg gotisk thriller frå 1938. Skumle engelske gods passar godt i påska.

Tom Egeland: Mayday – Grethe Bøe

Tom Egeland er ein av våre mest populære spenningsforfattarar og vel seg ut ein nykommar som årets påsketips.

– Grethe Bøe sin Mayday er ein intenst spennande thriller i beste Alistair MacLean og Desmond Bagley-tradisjon. Ei hesblesande historie om ein kvinneleg jagarpilot som blir skoten ned over Russland, og som må kjempe seg tilbake til Noreg medan supermaktene står på randen av krig.

Victoria Dalsberget: Rasende binne – Ingebjørg Berg Holm

Instagrampoet Victoria Dalsberget (25) har vorte så populær at lesarane tatoverer dikta hennar på kroppen. Ho løftar fram ein annan forfattar frå forlaget sitt, Vigmostad & Bjørke.

– Eg har nettopp lese ferdig Rasende binne av Ingebjørg Berg Holm og klarte ikkje å leggje ho frå meg. Handlinga har to sterke kvinnelege karakterar, ein prest og ein klimaforskar, som stadig får meir ubehagelege relasjonar til den same mannen. Handlinga rører ved fleire aktuelle problemstillingar innanfor eit familieliv på randen. Delar av handlinga er dessutan lagt til Svalbard, det likte eg godt.

Rune Salvesen: The City and the City – China Miéville

Forfattar Rune Salvesen er i desse dagar bokaktuell med romanen Bunkers, og har latt oss ta ein kikk i bokhylla si.

Hans beste krimtips for påska 2021 er The City and the City av britiske China Miéville.

Romanen frå 2009 følgjer omfattande mordetterforskingar i to fiksjonelle austeuropeiske byar og vert skildra som ei sjangeroverskridande øving, som har fått ei rekkje prisar og vorte adaptert til tv-serie av BBC.

Gunnar Staalesen: Margaret Millar – Så lik en engel (How Like an Angel)

Krimkonge Gunnar Staalesen er kjend som Varg Veum sin far. Bergensforfattaren har fleire gode krimtips på lager. Først ut er How like an angel som Margaret Millar gav ut i 1962.

– Den perfekte kombinasjonen av klassisk krim-mysterium, psykologisk thriller og hardkokt privatdetektivroman, med eit avslutningspoeng for feinschmeckarar. Miljøet spenner frå religiøs sekterisme til tragiske forstadsskjebnar.

 

Gunnar Staalesen:  Raymond Chandler: Det lange farvel

Den noko rufsete detektiven Philip Marlowe, som er protagonisten til amerikanske Raymond Chandler er ein annan storfavoritt.

– Dei sju romanane om Philip Marlowe, skrivne av krimlitteraturens Shakespeare, er nokre av dei beste krimromanane som er skrivne. Skal éin av titlane plukkast ut, må det bli The Long Goodbye, skriven i Chandler sin heilt spesielle stil, skarp, vittig og poetisk.

Gunnar Staalesen: John Dickson Carr: Sort messe

John Dickson Carr blir rekna som ein av dei verkeleg store frå krimsjangeren sin gullalder, då mysteriet stod i fokus.

– Sjeldan får eit krim-mysterium ei så dobbeltbotna avslutning. Carr var det lukka rom-mysteria sin meister. Her overgår han seg sjølv i ei forteljing med forheksande overtonar og med ei opning det er vanskeleg å gløyme:

«Det var en gang en mann som bodde ved en kirkegård …»

Gunnar Staalesen: Karin Fossum: Bakom synger døden

Av norske forfattarar trekker Staalesen fram kollega Karin Fossum sin siste roman Bakom synger døden, som er nominert til årets Rivertonpris for beste kriminalroman 2020.

– Dette skal vere den siste boka om politietterforskaren Konrad Sejer, men det kan likevel vere ein god stad å byrje. Karin Fossum skriv gripande, psykologisk gode krimromanar om heilt aktuelle tema, og denne, som kom i fjor, er ikkje noko unntak.

Hanne Kristin Rohde: Søsterklokkene og Hekneveven – Lars Mytting

Krimforfattar og tidlegare politisjef Hanne Kristin Rohde hadde pløgd igjennom alt av Agatha Christie før ho var 20 år, men har endra smak med åra. Dette vert difor eit tips for deg som ikkje orkar mordgåter.

– Faktum er at no om dagen les eg ikkje lenger krim. Så om du vil, la meg tilrå Søsterklokkene og Hekneveven av Lars Mytting. Han har ei forteljarevne og eit skrivetalent eg aldri har sett maken til. Rein nyting!


Allereie som 20-åring hadde Tom Egeland forfattarambisjonar. Foto: Privat og Kjetil Andersen/Strawberry Publishing