Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er noko med det barnlege perspektivet å forstå verda ut i frå, og korleis ganske såre delar av livet blir skildra så enkelt og nært. Eg vil seie at dei aller fleste barnebøkene til Dahl også kan vere nyttige for vaksne.

Det skriv Instagram-poet Victoria Dalsberget i ein e-post til Framtida.no. Ho bokdebuterer i desse dagar med diktsamlinga Du er nok illustrert av Alida Husby.

Dikta har vorte så populære at fleire har fans har tatovert dei på kroppen, skreiv VG i går.

Likar sære karakterar

Sjølv les den 25 år gamle læraren og poeten aller helst tidlause bøker for barn, gjerne av Astrid Lindgren eller Roald Dahl.

– Elles er eg glad i både Ingvar Ambjørnsen og Erlend Loe. Eg blir dregen mot sære karakterar som erfarar verda frå si eiga vesle boble, og let meg fascinera av korleis dei to sistnemnde meistrar å trekkje lesaren inn i den bobla. Den finurlege forteljarteknikken er nok med på å utvikla lesaren sin aksept og toleranse for noko som kunne vore vanskelegare å forstå i det verkelege liv.

Desse bøkene fekk Victoria Dalsberget (25) til å grina, le, verte sint og tenkje.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

«Charlie og sjokoladefabrikken». Eg samlar på Roald Dahl sine barnebøker illustrert av Quentin Blake, og fekk seks nye av storebror min til jul. Boka om Charlie er ein av favorittane!

Kor les du?

Eg las mykje på kollektivtransport då eg pendla til universitetet. Det blei mange timar på tog frå Kongsvinger til Oslo. No les eg helst i sofaen eller senga heime.

Kva bøker vart lesen til deg som liten?

Eg hugsar at vi hadde alle dei ti binda i serien «Verdens vakreste eventyr» liggande heime i barndommen. Desse blå, store bøkene låg ofte spreidd rundt i huset, og foreldra mine las stadig vekk frå dei.

Eg kan fleire av eventyra utenat den dag i dag, og hugsar spesielt godt dei fine illustrasjonane.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Boka Gjørmedrømmer av Heidi Linde har eg lese sikkert ti gongar. Den handlar om Veronica som dreg på ferie til den svenske skjærgarden med pappaen sin. I møte med dei forskjellige menneska som bor i skjærgarden på fulltid, viklar ho seg fort inn i eit nett av løgner, identitetsforvirring og konfliktfylte relasjonar. Det var nok hovudpersonen sitt forsøk på å finna sin plass som tiltrekte meg i så stor grad.

Det var først fleire år seinare eg fann ut at forfattar Linde er frå same lille by som meg – eit artig samantreff!

«Gjørmedrømmer» av Heidi Linde gjorde inntrykk i tenåra. Foto: Foto: Carl Christian Raabe, Gyldendal

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Eg skulle ønskje jeg hadde skrive Naiv. Super. Sjølv om den handlar om ein ung mann si eksistensielle krise, opplever eg den ukomplisert og lett å kjenna seg att i.

Kva meiner du gjer ei bok god?

Det synest eg er eit vanskeleg spørsmål. Eg les noko fordi eg likar det, og set det tilbake i bokhylla om eg ikkje likar det. Eg er open for dei fleste sjangrar, så lenge dei har noko, kanskje udefinerbart, som driv narrativet framover. Det kan vere alt i frå ein god struktur og språk, til eit godt plott og overraskande utvikling av karakterar. Det viktigaste for meg er at eg blir engasjert og føler noko.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Det må bli Pippi Langstrømpe! I det minste skulle eg ønskja det. Då eg var liten hadde eg ei ganske stor tøydokke-Pippi som eg drog etter meg i den eine fletta i årevis. Alt eg ville var å bli som ho – fryktlaus, sterk og tøff. Sjølv er eg ikkje like kontroversiell, men eg er oppteken av å vere ansvarsfull og innrømmer gjerne at det ikkje bestandig treng å vere den vaksne som har rett.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Det hadde vore spennande å ta ein prat med Agnar Mykle. Han har hatt mykje å seie for norsk litteraturhistorie. Den forbodne boka hans Sangen om den røde rubin blei tatt til retten på grunn av seksuelle skildringar, men sjølv om Mykle blei frifunnen, skreiv han få bøker etter dette. Det er ein del av historien hans som ikkje så mange veit om.

Victoria Dalsberget ville gjerne teke ein prat med Agnar Mykle (1915-1994) om den kontroversielle utgjevinga av «Sangen om den røde rubin». Foto: Fred Monclair, Nasjonalbiblioteket

Det kunne vore interessant å snakka med han om kvifor og korleis det opplevdest i eit Noreg på 1950-talet. Det står jo i ganske stor kontrast til samtida sine mange frigjorte tekstar og haldningar.

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Det er lett. Roald Dahl. Han har ei rekkje skarpe noveller også for vaksne, og skriv med masse humor og overraskande vendingar.

Kva skodespelar ville du sett i rolla som eg-personen i dikta dine?

Det måtte utan tvil blitt Ulrikke Falch. Det er ho som har lese inn lydboka til «du er nok.» Ho har ei verknadsfull stemme som tilfører dikta ei ekstra nerve. Det er så gøy å ha fått ho med på laget. I tillegg er ho ein god skodespelar, og dessutan ei superdame eg gjerne vil assosierast med.

Sana (Iman Meskini), Vilde (Ulrikke Falch) og Eva (Lisa Teige) i sesong 3 av «Skam». Foto: NRK.


Agnes Banach jobbar som omsetjar. Ho har mellom anna omsett boka Volveren frå polsk til norsk. Foto: Heidi Furre/Flamme forlag. Omslag: Gyldendal, Flamme forlag, Forlaget Oktober. Kollasj: Framtida.no

Victoria Dalsberget

  • Alder: 25 år
  • Frå: Kongsvinger
  • Utdanning: Lærar med tilleggsutdanning innanfor spesialpedagogikk og psykisk helse hos barn
  • Yrke: Lærar
  • Kor mykje les du sjølv? Rundt 40 bøker i året