Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg likar å lesa diktsamlingar i badekaret, avslørar forfattar Rune Salvesen.

42-åringen frå Sandnes er i desse dagar aktuell med romanen Bunkers.

NRKs bokmeldar Marta Norheim var ikkje heilt einig med seg sjølv om kva romanen handla om, men landar på at det mellom anna handlar om skriveprosessen til Rune Salvesen og forteljinga hans om David, ein forsmådd oljearbeidar som plasserer ei bombe utanfor Oljedirektoratet i Stavanger før han går i dekning i ein undersjøisk bunkers.

Me har teke ein kikk i bokhylla hans.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

In Persuasion Nation av George Saunders og The Silence av Don DeLillo

Kva bøker les du helst?

Eg les mykje poesi i samband med eiga skriving. Eg les mykje britisk poesi, særleg skildrande og prosasike dikt. Elles er eg svak for korte romanar, gjerne under 150 sider. Eg les svært sjeldan krim, men har fått kick på det i periodar.

Eg er opptatt av språk og blir fort lei romanar med dårleg språk, kjedelege setningar, lite rytme og tung teiknsetting. Eg likar godt lyriske romanar med lange skildringar.

Kor les du?

Kvar morgon i godstolen i stova, elles kan eg lesa på tog, fly eller ute. Eg slit med å lesa på ettermiddag og kvelden er det heilt umogleg for meg å konsentrera meg om lesing om det ikkje er redigeringsarbeid av eigne tekstar. Eg likar å lesa diktsamlingar i badekaret.

Kva bøker vart lesen til deg som liten?

Mor mi las ein del for meg som liten. Frendeløs av Hector Malot, Onkel Toms hytte av Harriet Beecher Stowe og Ulvehunden av Jack London hugsar eg godt.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Eg las Ringenes Herre i tenåra og forelska meg både i fantasy og naturen. Men den store overraskinga for meg var nok lyrikken med diktsamlingane Åsteder av Lars Saabye Christensen og Mor godhjertas glade versjon. Ja, som eg oppdaga som femtenåring.

Noko seinare las eg også The Catcher in the rye i regnet på terrassen medan eg høyrde på Nirvana på walkmannen.

«Ringenes Herre» av J.R.R Tolkien, «Mor godhjertas glade versjon. Ja» av Jan Erik Vold, «Åsteder» av Lars Saabye Christensen og «The Catcher in the rye» av J.D Salinger gjorde inntrykk i tenåra.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

The Prodigal av Derek Walcott. Verdas vakraste bok.

Kva meiner du gjer ei bok god?

Godt språk.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Mine eigne.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Mine gode vener Peter Strassegger, Kristin Auestad Danielsen, Ørjan Zazzera Johansen og Sigmund Jensen. Og så kunne Douglas Coupland partycrasha etter desserten.

Canadiske Douglas Couplan får kome etter desserten i middagsselskapet der Peter Strassegger og Kristin Auestad Danielsen allereie er. Foto: Douglas Coupland, Marian Strand/Samlaget og Studio Hjelm/Samlaget

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Seamus Heaney.

Kva av bøkene dine vil du helst sjå filmatisert – og kven spelar hovudrolla?

Resten av dagene vil drukne i fjorden (2018) med Eili Harboe i hovudrolla.


Eli Harboe (26) har spelt i stykket «Kirsebærhagen» på Det Norske Teatret. Foto: Ylva Catodotter Fyllingsnes

Rune Salvesen

Alder: 42

Frå: Stavanger

Utdanning: Journalistikk og kultur ved London College of Communication og ved University of the Arts London

Tal på lesne bøker i året: Las 32 bøker i 2020