Nynorskforfattarane Olaug Nilssen og Ingrid Storholmen er blant forfattarane som kan bli kåra til elevane sin favoritt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Elevar og lærarar i dei sju juryklassene har gjort ein ekstraordinær innsats i år. Under krevjande og usikre forhold har dei lese seg gjennom og diskutert dei åtte nominerte bøkene.
Det seier prosjektansvarleg for Ungdommens kritikarpris i Foreningen !les, Petra J. Helgesen, i ei pressemelding.
Ungdommens kritikarpris blir delt ut til den boka elevar i vidaregåande skule meiner er den beste skjønnlitterære boka som blei gitt ut i løpet av 2020.
Juryen som kårar vinnarboka består i år av sju vidaregåande klassar frå heile landet. Dei har lese og diskutert åtte skjønnlitterære bøker for vaksne, som blei nominert av Norsk kritikerlag.
– Fleire av bøkene har vekt sterkt engasjement og vi er spente på avgjerda, seier Helgesen.
Dette er dei nominerte:
Pedro Carmona-Alvarez: Inventarium (Kolon)
Vigdis Hjorth: Er mor død (Cappelen Damm)
Odd Klippenvåg: En lykkelig gift mann og andre noveller (Cappelen Damm)
Ingrid Nielsen: Den andre Jakobsstigen(Gyldendal)
Olaug Nilssen: Yt etter evne, få etter behov(Samlaget)
Ingrid Storholmen: Støvberar (Aschehoug)
Heidi Sævareid: Longyearbyen (Gyldendal)
V.S.Tideman: Jeg, rommet (Oktober)
Årets utdeling av Ungdommens kritikarpris 2021 blir støymd her torsdag 18. mars klokka 14.
- Bli med inn i bokhylla til Heidi Sævareid som er nominert for Longyearbyen: Heidi Sævareid ville invitert Mummi-skapar Tove Jansson på whisky
To nynorskromanar
Blant dei nominerte finn vi nynorskforfattarane Olaug Nilssen og Ingrid Storholmen.
Nilssen fekk nyleg P2-lyttarane sin romanpris for boka Yt etter evne, få etter behov, og er i tillegg nominert til Brageprisen og Bokhandlerprisen. No kan no stikke av med pris frå enda ei målgruppe, nemleg ungdommen.
- Les om livet til forfattaren då ho var 20 år: Olaug Nilssen såg på Teletubbies og freista setje opp debutboka si på pensum
Vaksenjuryen som har valt ut boka til Ungdommens kritikarpris skriv i grunngjevinga at Olaug Nilssen har ei eiga evne til å framstille tragiske situasjonar i akkurat passe komisk lys.
– Romanen skildrar forbodne kjensler og tankar; ei mor som avskyr tanken på å måtte tilbringe tid med sin autistiske tenåringsson, besteforeldre som lyg for å sleppe å passe barnebarnet, sjølvbedrag og livsløgner. Romanen grensar opp mot ein farse, men er så presis i skildringa av kvardagsmennesket sine forsøk på å halde hovudet over vatnet, at han heller blir opplevd som ei frigjerande fornying av tragedie-sjangeren.
Om Ingrid Storholmen skriv juryen at ho dei siste åra har markert seg som ein eksperimentell forfattar og poet.
Støvberar fortel lavmælt og rørande om Ingeborg, som har ei nesten 40 år lang karriere som misjonær og jordmor blant Santalfolket i India.
– Romanen er eit nærgåande psykologisk portrett av ei einsam kvinne, ramma inn av forteljinga om ein døyande misjonskultur. På ein subtil og sårbar måte tar boka opp tema som idealisme og realisme, verdien av eit livsverk, usikkerheit og misunning, reinheit og ambivalens.
Nominasjonsjuryen har bestått av Sindre Andersen, Vilde Sagstad Imeland og Egon Låstad.
Om Ungdommen sin kritikarpris
- Ungdommen sin kritikarpris blei utdelt for første gong i 2006.
- Prisen er eit samarbeid mellom Foreningen !les, Utdanningsforbundet, Norsk Kritikerlag og Den norske Forleggerforeningen.
- Ungdommen sin kritikarpris er ein pris for norsk skjønnlitterær samtidslitteratur, der elevar i vidaregåande skule kårar den beste boka for vaksne utgitt inneverande år.