Då eg var 20: Olaug Nilssen såg på Teletubbies og freista setje opp debutboka si på pensum

Helene Hovden Hareide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Uffameg, ho der var skikkelig nervøs!

Dersom Olaug (42) hadde møtt Olaug (20) på Samlaget si haustlansering den gongen for 22 år sidan er det noko slikt ho ville ha tenkt. Kanskje rista litt på hovudet, og lagt til: “Dette vart for mykje for henne”.

Heldigvis ville ho sjølv ha teke feil.

Sidan debuten som 20-åring i 1998 har forfattaren og dramatikaren Olaug Nilssen nemleg hatt ein svært suksessfull karriere. Gjennombrotet kom med Få meg på, for faen (2005), som også har blitt film, og mellom dei foreløpige høgdepunkta er utgjevinga av Tung tids tale (2017), ei openhjartig bok om å vere mor til eit funksjonshemma barn, som ho fekk Brageprisen for.

I haust er den bergensbusette forfattaren aktuell med ny bok: Yt etter evne, få etter behov. Vi spurte henne om korleis det var å gje ut den fyrste boka.

Eg gjorde noko eg har vore så flau over i ettertid, at eg knapt har fortalt det til nokon.

Kor var du då du var 20?

– Eg synest sjølv det var eksepsjonelt ungt å gje ut bok som 20-åring, fortel Olaug Nilssen

Det fyrste halvåret budde eg heime med foreldra mine, i Solheimsdalen nær Førde, medan eg skreiv ferdig debutromanen min Innestengt i udyr. Då den kom ut på hausten budde eg i kollektiv i Bergen, der eg studerte litteraturvitskap.

Eg var sjølv svært stolt av å ha gitt ut bok i det eg eg meinte var eksepsjonelt ung alder. Det er kanskje litt av grunnen til at eg gjorde noko eg har vore så flau over i ettertid, at eg knapt har fortalt det til nokon.

Då vi fekk velje eigne titlar til pensumlista føreslo eg nemleg til førelesaren å setje opp debutboka. Mest for å gjere han merksam på at eg faktisk var forfattar.

Han syntest ikkje at det var ein særleg god idé å setje si eiga bok på lista …

Hugsar du kva som skjedde?

Elles i verda? Nei …

Men eg hugsar at Karl Ove Knausgård debuterte same året. Linn Ullmann og Trude Marstein også. Så det var i alle fall eit godt år for litteraturen.

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Eg las bøkene til Ragnar Hovland, og var kjempefan av Pearl Jam. Då eg fekk vite at det var Hovland som hadde skrive ein konsulentuttalelse om boka mi (som eg ikkje forsto), tok eg kontakt med han for å diskutere den.

Eg var veldig nervøs og diskuterte med venene mine kva eg burde seie, kva eg burde ha på meg – slike ting. Det enda med at eg gjekk til samtalen i Pearl Jam-hettegensaren min. Sjølve samtalen hugsar eg no lite av, men eg trur det gjekk bra.

Ellers sat vi i kollektivet mykje på ein madrass på stova og såg på Teletubbies. Av ein eller annan uforklarleg grunn.

Hugsar du 20-årsdagen din?

Nei. Eg har bursdag 28. desember, så akkurat den dagen har eigentleg aldri vore så stas. Særlig ni-års dagen hugsar eg med gru, då var det ingen som kunne kome!

Eg reiste til Oslo og budde på hotellrom, noko som absolutt ikkje var kvardagskost for meg på den tida.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Haustlanseringa til Samlaget. Utan tvil. Eg reiste til Oslo og budde på hotellrom, noko som absolutt ikkje var kvardagskost for meg på den tida. Mamma og pappa køyrde eins ærend til hovudstaden for å høyre på meg. Dei overnatta i bilen sin, noko som høyrest eksotisk ut no, men for dei var det heilt vanleg å gjere det. Dei gjer det gjerne framleis!

20 år gamle Olaug Nilssen i lag med foreldra. Foto: Privat

Eg hugsar at redaktøren min kom til hotellrommet for å hjelpe meg å øve på opplesinga, og eg syntest det var enda kleinare å lese for berre henne enn for publikum. Men korleis sjølve opplesinga og lanseringsfesten gjekk har eg gløymt!

Særleg ei overskrift har brent seg fast: «Dette er det reneste tøv».

Visste du kva du skulle bli i livet?

Ja, det var ikkje så mykje tvil om det. Eg visste det nok bedre då enn eg har visst det seinare. Eg tenkte jo at når eg fyrst hadde fått antatt ei bok så måtte det tyde at eg var genial! Eg var ikkje førebudd på det som kom av dårlege meldingar – særleg ei overskrift har brent seg fast: «Dette er det reneste tøv».

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg var nok litt naiv. Sidan eg var så ung forsto eg ikkje så godt kva det innebar å skulle gje ut bok. At det er ei offentleg ytring, og at ein i større eller mindre grad blir ein offentleg person. Men sjølv om eg ikkje visste kva eg gjorde den gongen, og har reflektert mykje rundt det i ettertid, så ville eg nok gjort det same igjen.

Eg hadde tenkt at 42-år gamle meg var ein idiot.

Til slutt – kva råd ville du gitt til deg sjølv som 20-åring?

Start med trening!

Eg var så glad for å sleppe tvangsgym då eg var ferdig med skulen, at det gjekk svært mange år før eg byrja å trene. Det var i godt vaksen alder. Eg verkeleg avskydde trening! Men det var ei feilslutning. Ettersom ein vert eldre, og dødsmedvitet kjem kravlande, forstår ein kor viktig det er å ta vare på helsa.

Men det rådet hadde eg nok ikkje høyrt på. Eg hadde tenkt at 42-år gamle meg var ein idiot.

Are Kalvø. Pressefoto frå Samlaget.