I bokhylla: Heidi Sævareid ville invitert Mummi-skapar Tove Jansson på whisky

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ikkje første gong Heidi Sævareid set penn mot papir, når ho no debuterer med sin første vaksenroman, Longyearbyen.

36-åringen debuterte i 2013 med ungdomsboka Spranget, og har i åra etter skrive endå fire romanar for unge. Ungdomsbøkene har hausta mange lovord, og Sævareid har vorte nominert til Brageprisen heile tre gongar allereie.

Omslag: Gyldendal

Når ho no gjev ut Longyearbyen er handlinga sett til 50-talets Svalbard, og inspirert av hennar eigne besteforeldre si historie. Lovorda sit like laust hjå kritikarane også denne gong, og VG sin meldar spår at Sævareid med Longyearbyen vil få sitt definitive gjennombrot som romanforfattar.

Har lese 300 bøker på eitt år

Heidi Sævareid er djupt inne i litteraturverda også i arbeidet som omsetjar, konsulent og føredragshandlar, og les difor mange bøker – endå det vert lite tid til bøker ho vel sjølv:

– I periodar når eg skriv sjølv, vert det enda mindre tid til «lystlesing». Då grev eg meg ned i research, fortel Sævareid.

I heile fjor jobba ho med Longyearbyen og fekk då tid til kring 15 bøker, utanom det som var research eller jobbrelatert. I år håpar ho på tid til å lese meir, men det skal godt gjerast å tangere sin eigen rekord:

– Det meste eg har lese på eit år – alt medrekna – er 300 bøker (i ein periode skreiv eg liste!) fortel Sævareid.

Vi har teke ein kik i bokhylla hennar: 

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Duffy Bowie: Five Sessions. Tekst av Kevin Cann, Bowie-bilete av fotografen Chris Duffy.

Kva bøker les du helst?

Eg les såpass mykje forskjellig at eg ikkje kan peike på ein bestemt sjanger. Men det går i fasar.

No i det siste har eg kanskje lese meir sakprosa enn før. For tida er eg spesielt oppteken av sakprosa om britisk politikk. Og det siste året har eg lese mykje om psykoanalyse.

Dette er bøkene som fekk Hilde Sævareid til å grine, le, verte sint og tenkje.

Kor les du?

Overalt, men mest heime. Eg tek sjeldan buss eller tog, for eg syklar overalt. Eg har tenkt på at eg går glipp av gode lesestundar på den måten!

Kva bok vart lese til deg som liten?

Eg byrja å lese for meg sjølv før eg var i skulealder, men høgtlesing var likevel ein viktig del av familielivet i heile barndommen.

Mamma og pappa las alle Jules Verne-bøkene høgt, og eg har også gode minne om Skatten på Sjørøverøya.

Skatten på sjørøverøya er skriven av Robert Louis Stevenson. Omslag og illustrasjonar: Offentleg eigedom, av Georges Roux.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Tidleg i tenåra var det nok Kjøkken av Banana Yoshimoto som gjorde sterkast inntrykk. Eg las boka for første gong då eg var rundt 13, men lånte ho med jamne mellomrom på biblioteket etter det.

Nokre år seinare oppdaga eg Dostojevskij. Spilleren var den første boka eg las, og ho opna ei ny litterær verd for meg.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Kanskje Jenny Hval sin nye roman, Å hate Gud, både fordi boka er veldig god, og fordi ho rører ved så mange av dei motiva og temaa som eg sjølv interesserar meg for i eiga skriving.

Å hate Gud er den andre romanen til plateartisten, kunstnaren og forfattaren Jenny Hval. Foto: Baard Henriksen/Oktober Forlag

Kva meiner du gjer ei bok god?

Umogleg spørsmål! Ulike bøker er gode på ulikt vis. Det vil berre lyde platt om eg prøver å sette opp ein kvalitetsregel som skal gjelde alle bøker. Det seier seg jo sjølv at ei bok bør vere original, men utover det veit eg ikkje kva eg kan peike på.

Eg er sjølv glad i bøker med gode psykologiske portrett og språk med særpreg.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Kanskje Mari i romanen Rent Spill av Tove Jansson.

Som mange av Janssons bøker, er også dette ei kunstnarskildring. Eg kjenner meg igjen i tankane Mari har om skriving og inspirasjon, og i behovet ho har for kunstnarleg «armslag», om det går an å seie.

Men kanskje eg smigrar meg sjølv no, for det er godt kjent at Rent Spill er sterkt sjølvbiografisk, og Tove Jansson er altså mitt store førebilete.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Tove Jansson. Men ho hadde eg invitert på whisky.

Mummi-skapar Tove Jansson er Heidi Sævareid sitt store førebilete. Foto: Reino Loppinen (t.v.) og Hans Gedda / Wikimedia Commons/ Offentleg eigedom.

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Det høyrest ut som ein sikker måte å øydeleggje ein forfattarskap for meg sjølv på … Eg hadde jo heilt sikkert blitt lei. Men kanskje Dostojevskij. Då hadde eg i alle fall hatt ein del å ta av.

Boka di vert gjort om til film – og kven skulle spelt hovudrolla?

Den mest filmatiske av dei er kan hende den nye – Longyearbyen. Kanskje Viktoria Winge. Ho har ofte noko alvorleg og intenst over seg som eg trur hadde passa til hovudpersonen min, Eivor.

Av ein eller annan grunn kan eg godt sjå ho for meg med gevær på ryggen på veg over Longyearbreen.

Sabina Store-Ashkari (20) og Alexander Fallo (35) har begge teke steget frå Instagram-poesi til diktbok på Cappelen Damm denne våren. Foto: Mary Store, Anna-Julia Granberg/Blunderbuss

Heidi Sævareid

Alder: 36

Frå: Oslo

Utdanning: Master i nordistikk

Yrke: Forfattar og omsettar