Politiet sender ut ei åtvaring etter å ha registrert at tenåringsjenter legg ut prislister for sal av bilete og videoar av seksuell karakter på Snapchat.
NPK-NTB
NPK-NTB

Sørvest politidistrikt skriv på Facebook at dei den siste tida har vorte merksame på dette.

No ber dei foreldra engasjere seg i mobilvanane til barn og unge.

POLITIET ADVARER: UNGE LEGGER UT PRISLISTER PÅ SALG AV NUDES VIA SNAPCHAT

Politiet har den siste tiden blitt…

Posted by Politiets nettpatrulje – Sør-Vest on Tysdag 16. juni 2020

Mistar kontrollen over bileta

I innlegget skriv politiet at dei unge jentene gjerne ser dette som ein måte å skaffe seg nokre «lettente» pengar på og at mange foreldre ikkje veit om at dette går føre seg.

– Bodskapen frå politiet til ungdommar som deler slikt materiale, er at dei mistar kontrollen over bileta eller filmane, ved at dette kan spreiast på nettet.

Strenge straffer

Vidare åtvarar dei mot konsekvensane dette kan ha for jentene, og skriv at det ikkje er uvanleg at dei som er utsett for slike overgrep via nettet, ber med seg opplevinga i mange år.

Det blir òg understreka at det blir reagert med strenge straffer for dei som mot betaling eller på anna vis får barn og unge til å utføre seksuelle handlingar med seg sjølv, og at slike saker blir høgt prioriterte av politiet.

– Foreldre er ikkje nok til stades

I mai la Medietilsynet fram nye tal om nakenbilete frå undersøkinga Barn og medium 2020.

Undersøkinga viste mellom anna at svært få foreldre er klare over at dette skjer.

– Dette viser oss at foreldre ikkje er nok til stades i den digitale kvardagen til barn, sa direktøren i tilsynet, Mari Velsand, ifølgje Dagbladet.

To timar etter at hovudpersonen Kaisa har sendt ein «nude» til kjærasten er biletet spreidd vidare. (Skjermdump frå kampanjevideoen Delbart)
Oppdatert: tysdag 16. juni 2020 15.11
ANNONSE