Kvinnedagen 2021: – Pandemien har kasta flaumlys på kjønnsdelt arbeidsmarknad

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 14.03.2021 20:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mari Teigen leier Core – Senter for likestillingsforsking ved Institutt for samfunnsforskning i Oslo. Foto: Institutt for samfunnsforskning

– Viss eg skal vere optimistisk, håpar eg pandemien har sett søkjelyset på nokre problem ved organiseringa og påskjønningsstrukturane i arbeidsmarknaden og gjort at ein vil ta meir tak i dei, seier forskar Mari Teigen.

Ho leier Core – Senter for likestillingsforsking ved Institutt for samfunnsforskning i Oslo. Teigen meiner koronakrisa har kasta flaumlys på problema ho nemner.

Les også: Kvinner erstattar menn på trafikkskilt i Genève

Applaus framfor løn

– Vi hugsar jo alle applausen frå balkongane for helsearbeidarane. Det skapte nokre forventningar om at dei skulle få utteljing i lønnsoppgjeret. Tala frå Det tekniske berekningsutvalet viser likevel at helsesektoren ikkje var nokon vinnar i lønnsoppgjeret i år, seier Teigen.

Ho peikar særleg på deltidsarbeidet i helse- og omsorgssektoren som eit likestillingselement som koronapandemien har vist som problematisk. Om lag 35 prosent av kvinnene på den norske arbeidsmarknaden arbeider deltid, mot 15 prosent av mennene.

– Det er særleg i nokre få yrke i kommunesektoren, særleg innan helse og omsorg, at kvinner jobbar deltid. Det har ført til problem under pandemien fordi mange som jobbar deltid, har jobba små stillingsbrøkar på ulike institusjonar, noko som aukar smittefaren, seier forskaren.

Kvinner er i fleirtal i mange av yrka som har vore i frontlinja i kampen mot koronaviruset. Foto: Jil Yngland / NTB

To tredelar jobbar deltid i kommunen

I den kommunale helse- og omsorgssektoren arbeider ifølgje Teigen 64 prosent av kvinnene deltid. I tillegg til at det er mange kvinner i førstelinjeyrka, har bransjar med høg kvinnedel som reiseliv, transport og service vorte særleg utsette for permisjonar.

På nokre måtar var likestillingskampen noko av det første som fekk vike då koronaviruset skylde innover Noreg. 8. mars 2020 var det uvanleg stille i norske gater. I hovudstaden fekk toga gå som vanleg, men andre stader var avlyste markeringar på kvinnedagen eit varsel om kva som skulle komme. Den 12. mars i fjor innførte regjeringa dei strengaste innskrenkingane i dagleglivet sidan andre verdskrigen.

Allereie i mai byrja oppslaga å komme om forsterka kjønnsrollemønster i heimane.

– Kvinner har auka tidsbruk på oppgåver som kvinner seier dei gjer mest av frå før, sa seniorrådgivar Lars Kolberg ved Likestillingssenteret på Hamar til Aftenposten 9. mai.

Ei undersøking frå senteret viste at kvinner med barn brukte meir tid på stell, pass, leik og aktivisering av barn, og at kvinner samla sett brukte meir tid på matlaging, husarbeid og leksehjelp. Det vart resultatet, sjølv om det alt i alt var fleire menn som vart permitterte eller fekk heimekontor, og fleire kvinner enn menn var i samfunnskritiske jobbar.

– Det er nokre kjønnsforskjellar ein slett ikkje skal blåse av, men eg trur ikkje desse tinga kjem til å setje oss mange år tilbake i tid, seier Teigen.

Illustrasjonsfoto: Volha Flaxeco, Unsplash.com

– Kvinner og barn er mindre synlege

Ho trur at arbeidsfordelinga i familien vil gå tilbake til der ho var før, når pandemien er over. Samtidig åtvarar forskaren om at det framleis er mange konsekvensar som det er vanskeleg å spå om – både i familien og på arbeidsmarknaden.

Ein konsekvens som pandemien fekk for likestillinga som vart kjend allereie etter kort tid, var dei tomme krisesentera. Meir enn halvparten av krisesentera fekk færre førespurnader enn vanleg i april 2020, viste ein rapport frå Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress.

– Det er grunn til å vere uroleg, seier Teigen.

Ho seier òg det er grunn til å tru at i familiar med høgt belastningsnivå, har både barn og kvinner vore skadelidande av at ein har måtta trekkje seg tilbake frå samfunnet.

– Dei har vorte mindre synlege, seier ho.


Emilie Kruse Johansen (20) meiner løn og speletider er viktigare enn regelverket under kamp, for å sikra likestilling i idretten. Foto: Fredrik Hagen, Norges Ishockeyforbund.