UiO vil hurtigteste tusenvis av studentar dei neste tre vekene
Smitten har auka mykje i Oslo den siste tida. Det gjer at Universitetet i Oslo tysdag startar hurtigtesting av alle studentar og tilsette.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Hurtigtestane skal gjerast unna på Blindern i Oslo, der UiO har campus. Alle studentar og tilsette som skal innom campusen på Blindern, blir oppmoda til å teste seg minst éin gong i veka dei neste tre vekene.

Rektor ved Universitetet i Oslo Svein Stølen. Foto: UiO
Det skriv skulen i ei pressemelding, ifølgje universitas.no.
– Vi er veldig glade for at Oslo kommune har lagt si hand over unge menneske, inkludert studentane, i denne situasjonen, seier rektor Svein Stølen til Universitas.
To testbuer skal setjast opp på Frederikkeplassen på Blindern: éin for studentar og tilsette med symptom, og éin for dei utan symptom.
Målet er å fange opp smitte raskt og kunne setje i gang smittesporing tidleg i prosessen. Universitet reknar på nettsidene sine med at mellom 1.500 og 2.000 studentar kan testast kvar veke.
- Les også intervjuet med mosambikiske Marta (25), som reagerer på at rike land kjøper seg fram i vaksinekøen: – Me er alle menneske