«Nok eit eksempel på at paraidretten vert nedprioritert»

Silje Solvang (20)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I Noreg veks vi opp med nær tilknyting til idrett i både skulen og på fritida. Det er ein arena kor vi føler samhald, meistring og får vener for livet.

Men kva gjer du når du blir plassert på benken i alle gymtimane og idrettsstjernene du kan samanlikne deg med aldri blir vist på TV? Då blir du ståande utanfor, og det er ei kjensle eg ikkje unnar nokon.

Idrettsforbundet innrømma feil

Då OL og Paralympics blei utsett frå 2020 til 2021 blei det gitt 5,5 millioner kroner frå Kulturdepartementet og Abid Raja.

Tokyo-midlane blei gitt som ein kompensasjon slik at idrettsutøvarane kunne halde fram med kontinuiteten i treninga til dei komande Tokyo-leikane.

Det at ikkje ei eineste krone gjekk til parautøvarane, overraskar meg eigentleg ikkje. Det viser berre nok eit eksempel på at paraidretten vert nedprioritert.

Etter mykje kritikk ute i media i snart ei veke kom Idrettsforbundet på banen og innrømma at dei hadde gjort ein feil.

Eg er svært glad for at Idrettsforbundet snudde i denne saka, og at parautøvarane får den same moglegheita inn i Tokyo-leikane som dei andre idrettsutøvarane.

Det er parautøvarane som definerer mangfaldet i samfunnet vårt, det er noko vi burde vere stolt av og gjere alt for å vise fram spør du meg!

Idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegdom

Eg håpar vi kan lære av denne feilen, for slik det er i dag opplever mange unge at dei ikkje passar inn i idretten. Er det eigentleg så rart?

Kor ofte ser du synshemma eller rørslehemma utøvarar på konkurransebanen?

I media til dømes, kor ofte ser du synshemma eller rørslehemma utøvarar på konkurransebanen? I idrettsforbundet sin formålsparagraf står det at all idrettsaktivitet skal byggje på grunnverdiane som er idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegdom.

Derfor er det så synd at idretten ikkje kan vise eit større mangfald enn kva som vert gjort i dag. Eg synest i alle fall det hadde vore meir interessant å sjå eit meir mangfaldig representantskap i idretten på TV enn det som blir vist i dag.

Ein plass for alle

Eg har ein draum om at vi saman kan skape ein meir inkluderande idrettskultur kor det er ein plass for alle.

I den organiserte idretten kan ein utvikla sine motoriske og kognitive ferdigheiter gjennom deltaking og samhandling med andre menneske. Det å kunne dyrke ei interesse vil resultera i høgare grad av livskvalitet, tilhøyrsle og mestringskjensle.

Eg trur ringverknadane rundt eit større fokus på rekruttering og inkludering av menneske med nedsett funksjonsevne i idretten vil motvirke diskriminering og normalisera menneskene med en funksjonsnedsetting.

Dette vil føra til at fleire kjem inn i lønna arbeid og den psykiske helsa blant befolkninga blir betre.

Så ver så snill, lat oss gå tilbake til grunnverdiane i idretten.

Alle bør få moglegheit til å kjenne på idrettsglede og tryggleiken av eit fellesskap, også mennesker med ei funksjonsnedsetting.


Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!


Les også intervju med ein av utøvarane som har representert Noreg i Special Olympics: – Eg vart overraska og glad. Det følast stort!

Maren Hilde Verlo har allereie fått ei landslagsdrakt. Foto: Bente Kjøllesdal