Major og Champ er USA sine nye førstehundar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Visste du at Donald Trump er den første amerikanske presidenten på over hundre år, som ikkje har hatt ein hund i Det kvite hus?

USA sine førstehundar er presidentfamilien sine kjæledeggar, men gjer òg at politikarane framstår meir alminnelege og gjenkjennelege for folk flest.

Major og Champ

Sidan det laurdag vart klart at Joe Biden vert USA sin 46. president, betyr det at han tek med seg kona Jill og hundane Champ og Major inn i Det kvite huset i januar.

Dei to nye førstehundane er av rasen tysk fårehund. Champ har vore ein del av familien sidan 2008, medan Major vart adoptert frå eit senter for heimlause hundar i 2018.

– Kunsten er at ein må ha ein hund folk med eitt føler affeksjon for, men dei må ikkje verke svake heller, sa retorikkprofessor Jens E. Kjeldsen til Framtida.no før valet.

I så måte er Biden sin følgjesven Major eit interessant val. Kjeldsen trur likevel ikkje det var så dumt. Ved å adoptera Major i 2018, framfor å kjøpa ein dyr rasehund fekk Biden kommunisert gode verdiar. Og sjølv om Major ikkje er det ein først tenkjer på som ein koseleg familiehund trur Kjeldsen at det kan ha noko føre seg for ein 77 år gamal presidentkandidat.

– Ein mann i slutten av 70-åra kan ikkje ha ein liten, skrøpeleg hund. Ein stor og sterk schæfer styrkar inntrykket av at mannen som har hunden må klara å halda han, seier Kjeldsen, som også tykkjer Major framstår sjarmerande og gøyal.

Barack og Michelle Obama med hundane Sunny og Bo i Det blå rommet i Det kvite huset. Foto: Pete Souza, Det Kvite Huset

Om Major og Champ vert dei same folkefavorittane som Obama-hundane Sunny og Bo lyt tida vise, men hundane har allereie fått ein uoffisiell fan-konto på Instagram. Kontoen har allereie over 57 000 følgjarar.

– Hundar er veldig lite trugande

Det var nok ikkje Major som vann valet for Biden, men fleire hundar vart lagde merke til i kampen om å verte demokratane sin presidentkandidat.

Dei som fekk mest merksemd var golden retrieveren Bailey Warren og Pete Buttigieg og ektemannen sine to firbeinte vener.

Amerikanske Kevin Cahill er professor i filosofi ved Universitetet i Bergen, og forklarte før valet om kor viktig media er i amerikansk politikk.

– Ein må forsikre veljarane om at du ikkje er trugande. Der speler familie og hund ei rolle. Ein må treffe veljarane i midten og skal ein appelera til over 50 millionar veljarar må ein retta seg inn mot eit gjennomsnitt. Hundar er veldig lite trugande og anten du er kvit, svart, streit eller skeiv, har folk ein tendens til å lika hundar.

Calvin Coolidge og Grace Coolidge fotografert med favoritthunden Rob Roy i 1924 og 1925. Rob Roy vart innlagt på grunn av magesmerter i 1928, noko han ikkje overlevde. Foto: The National Pet Museum