«Framtidas ruspolitikk bør vere betre på førebygging»

Emma Berge Ness
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Neste vår skal Stortinget avgjere korleis framtidas ruspolitikk skal sjå ut. Eg håpar ikkje det vert slik som rusreformutvalet foreslår. 

Før jul kom utvalet som er sett ned for å førebu det nye regelverket med sitt framlegg. Utvalet har gjort ein god jobb på nokre områder, særleg når det gjeld korleis samfunnet skal møte rusavhengige.

Det er viktig, riktig og heilt politisk ukontroversielt at rusavhengige skal hjelpast og ikkje straffast. Samstundes har vi òg eit ansvar for å beskytte samfunnet elles frå rusavhengigheit. Her har utvalet gjort ein mindre god jobb. 

Å tru at ei avkriminalisering av narkotika ikkje vil ha ein dårleg signal-effekt, er i beste fall naivt.

I følge utvalet skal narkotika framleis vere ulovleg, berre ikkje straffbart. Det er ei mildt sagt eit komplisert bodskap å formidle.

Å tru at ei avkriminalisering av narkotika ikkje vil ha ein dårleg signal-effekt, er i beste fall naivt. Det overordna målet med norsk ruspolitikk må vere at færrast mogleg utviklar rusproblem. Då kan ein ikkje gløyme tiltak som førebygger nettopp det. 

Dersom forslaget som ligg på bordet vert vedteke utan endringar, vil ein mindreårig kunne verte teken med opptil 5 gram heroin, kokain eller amfetamin utan at det får større konsekvensar enn ein invitasjon til eit møte med ein kommunal konsulent.

Det er heilt valfritt om ein møter opp eller ikkje. Det same gjeld 5 gram amfetamin, 15 gram hasj eller ein desiliter GHB. Det er vanskeleg å forstå korleis norsk ruspolitikk vert meir human av at ein tillet unge å gå rundt med så store dosar av skadelege stoff. 

Mange hevdar at straff ikkje fungerer i russamanheng, og det har sjølvsag ingenting for seg å bøtlegge ein narkoman. Ein skal ikkje av den grunn undervurdere den førebyggande effekten bøtelegging kan ha på dei som vel å ruse seg for å ha det moro.

Ein skal ikkje undervurdere den førebyggande effekten bøtelegging kan ha på dei som vel å ruse seg for å ha det moro.

I følge Det europeiske overvakingssenteret for narkotika og narkotikamisbruk, er Noreg blant dei europeiske landa med færrast unge cannabis-brukarar.

Det seier meg at vi allereie gjer noko riktig.

Senterungdomen meiner at vi må ha ein ruspolitikk som skil mellom personar som er tungt avhengige, og personar som ikkje er det.

Vi er uroa for kor langt utvalet sitt forslag går i å tappe samfunnet for sanksjonar ovanfor sistenemnde. Dei føreslegne terskelverdiane er altfor høge, og oppfølgingstilbodet altfor dårleg. 

Framtidas ruspolitikk bør vere betre på førebygging enn dagens, og det vert den ikkje gjennom at vegen inn til avhengigheit vert avkriminalisert.

Det vert den gjennom forpliktande reaksjonar i tidleg fase.  


Har du noko på hjarte? Send ditt innlegg til: tips(a)framtida.no!