Falsk Bernie Sanders skremde turgåarar i Bergen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Bernie Tønnessen – en bror fra en annen mor,» skriv profilen Dangfart Tønnessen på Facebook.

Ifølgje Facebook-sida er Tønnessen ein 88 år gamal mann frå Mannsverk i Bergen, som engasjerer seg i så mangt. I verkelegheita er han ein langt yngre mann, som likar å finne på sprell.

Då Dangfart Tønnessen stilte opp i Bernie-inspirert habitt i heimbyen Bergen, fekk folk seg både ein god latter og ein støkk.

Sjå videoen her:

Pantone 448C og strikkevottar

Etter at Joe Biden vart innsett som USA sin 46. president, har antrekket til meddemokrat Bernie Sanders teke internett med storm.

79 år gamle Sanders kledde seg for både vêr og korona med ei varm jakke i snusvaløren Pantone 448C, medisinsk munnbind og eit par heimelaga vottar, som har fått internett til å gå berserk.

Bileta av Sanders som sit med armar og bein i kryss på ein klappstol har vorte eit populært meme. Dangfart Tønnessen var til forveksling lik og har fått mange tusen likarklikk og nesten 900 delingar på stuntet.

«J»-tjuveri og vêrflørt

Om nyheita har nådd heilt over dammen vitast ikkje, men Tønnessen er ikkje den som er redd for å stikke hovudet fram i media.

I 2019 medgav den spreke pensjonisten å ha stått bak tjuveriet av bokstaven «J» i skiltet på Janus-fabrikken, og på denne tida i fjor snakka han ut om kjærleiken til vêr-Kristina.

ROMANTISK: Dangfart Tønnessen og Kristina Kvistad Hustad møttest endeleg etter heftig flørting i sosiale medium. Foto: etter løyve frå Dangfart Tønnessen.

Kristina Kvistad Hustad kunne i september 2020 fortelje at ho hadde funne kjærleiken med Vegard Dokken (35), så kan hende er Tønnessen ledig på valentinsdagen i år.