«Dangfart Tønnesson» hevdar å stå bak Janus-tjuveri

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette bilete, av det som kanskje kan vere J-en frå Janus-logoen, la Dangfart Tønnessen ut på Facebook-profilen sin. Foto: Privat

Det var søndag førre veke at J-en i fabrikklogoen forsvann på mystisk vis.

På Facebook har internettfenomenet Dangfart Tønnessen lagt ut av eit bilete av det han hevdar er den forsvunne J-en.

«Dere får den ikke tilbake før jeg får tilbake pengene for ullundikken som revnet i ræven efter kun to dager på Kvamskogen», skriv Tønnessen i innlegget.

Lokalavisa Bygdanytt har konfrontert gjerningspersonen:

– Janusfabrikken har nok aldri selt fleire jumparar, seier Tønnesen til sitt forsvar.

Anonym mann i 20-åra

Dangfart Tønnessen har over 200.000 følgjarar på Facebook. Til og med Bergens Tidende har latt seg lure, men i verkelegheita er den 88 år gamle karakteren ein anonym mann i 20-åra.

I 2016 møtte den maskerte mannen Framtida.no på eit kjøpesenter.

– Det er det eg elskar med å vere Dangfart. Gamle menneske er akkurat som barn: Dei slepp unna med alt. I ni av ti tilfelle ville nokon ringt politiet viss eg gjorde dei same tinga utan maska, sa mannen til Framtida.no den gong.