«Den munnlege eksamenen vil vere like urettferdig»

Sondre Undheim Lokøy
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det er ingen hemmelegheit at koronapandemien har ramma elevane hardt.

Ein uføreseieleg skulekvardag har prega det siste året.

Regjeringa si avgjersle om å avlyse alle eksamenar for elevar i vg1 og vg2 var rett. Likevel skulle eg ynskja at dei avlyste alle eksamenar for avgangselevar òg, og ikkje berre den skriftlege.

Elevar i risikogruppa

Den munnlege eksamen er lokalgitt, men likevel vil det vere stor forskjell i kor godt førebudde elevane er.

Det er ikkje berre store forskjellar på korleis dei kan drive skulane frå fylke til fylke, men òg frå skule til skule, og elev til elev.

Om du snufsar eller hostar må du halde deg heime, og elevar i risikogruppa har i større grad enn andre elevar måtte følge den digitale undervisninga heimanfrå. Ei undervisning som er langt frå like god som fysisk undervisning, og utan same moglegheit for direkte oppfølging av læraren.

Urettferdig munnleg

At den skriftlege eksamen er avlyst er ein god start, men den munnlege eksamen vil vere like urettferdig.

Samstundes vil det vere ulik praksis på korleis dei kan gjennomføre den munnlege eksamenen rundt i landet, som følge av koronasituasjonen.

Regjeringa må sjå elevane, og avlyse alle eksamenane for alle

Regjeringa må sjå elevane, og avlyse alle eksamenane for alle. Lat oss elevar fokusere på å tette kunnskapshol, og lat oss jobbe fram mot ei sluttvurdering me kan stille oss bak. Framfor at me skumleser pensum for å førebu oss til eksamen, for å få ein karakter som ikkje representera det me eigentleg kan.

Regjeringa må gje lærarane moglegheit til å sjå kvar enkelt elev, og følgje dei opp i ei tid der oppfølging er viktigare enn nokon gong, framfor å presse eksamensførebuingar på dei. Regjeringa må gje elevane rom for læring framfor pugging.

Sjå elevane, og avlys alle eksamenar for alle!

Ein skule tilpassa pandemi

Ei anna problemstilling som har kome opp etter skriftleg eksamen vart avlyst er dette med korleis ein kan sikra ein rettferdig kamp om studieplassane.

Koronaviruset er ikkje rettferdig på noko som helst måte, og det må me ta høgde for i tida me møter no. Det var eit riktig val å avlyse eksamen, men mange frykter no at det skal vere urettferdig for dei studentane som må konkurrere med «korona-kulla». Dette viser at me må tenkje nytt når det kjem til sluttvurderinga i skulen.

For ein skule som er tilpassa kvar enkelt elev skal ikkje ha problem med å tilpasse seg ein pandemi.

Me kan ikkje risikere at elevar ikkje får vitnemål som følge av ein uføreseieleg skulekvardag, samt ein eksamen dei ikkje klarar gjennomføre.

Dagens koronasituasjon har medført store endringar i skule-Noreg. Desse endringane gjer det vanskelegare for elevane å lære det dei skal, og for lærarane å undervise, samstundes som dei skal følgje opp elevane. Difor er det viktig at me ser kvarandre, og gjer slik at alle kan få ei god og grundig sluttvurdering dei kan stille seg bak, framfor å dra kvarandre ned.

Me er i ei spesiell tid der alle må gje og ta litt, slik at samfunnet skal fortsette å gå rundt. Munnleg eksamen er ikkje ein rettferdig sluttvurdering slik situasjonen er i den norske skulen i dag.

Avlys munnleg eksamen no!


Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!

Leiar i Elevorganisasjonen, Kristin Schultz, og elevrådsleiar ved Hersleb videregående skole, Leander Shanti Fjeldstad, meiner også munnlege eksamenar burde vore avlyst våren 2021. Foto: EO, privat