Rapport om rasisme i Bergen vekkjer uro

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I rapporten til Bergen kommune om «strukturell rasisme i Bergen», kjem det mellom anna fram at 40 prosent av dei spurde har opplevd å bli diskriminerte når dei søkjer jobbar, fortel NRK.

Den viser også at ein firedel har opplevd forskjellsbehandling på bustadmarknaden, og at ein del barn med norsk-afrikansk foreldrebakgrunn har opplevd rasistisk mobbing på skulen.

Reaksjonane på funna er sterke.

– Det er sjølvsagt urovekkjande, men dessverre ikkje ukjent for oss, seier byråd for kultur, mangfald og likestilling i Bergen, Katrine Nødtvedt, til kanalen.

Ho fortel at kommunen er i gang med fleire tiltak for å retta på tilhøva.


Fekk du med deg denne? Utleigar til Amanuel (19): «Eg leiger ikkje lenger ut til afrikanske gutar»

Amanuel Meselu (19) fekk avslag av huseigar fordi han har etiopisk familiebakgrunn. Foto: Privat og skjrmdump