Kva er eigentleg skilnaden på Myanmar og Burma?

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norsk media har i all hovudsak kalla landet som blir anklaga for å drive folkemord mot rohingya-folket som «Myanmar», mens blant anna Washington Post brukar «Burma» når dei snakkar om same land. Kvifor er det slik?

Same opphav

Det offisielle namnet til dette landet med 56 millionar innbyggarar er i dag «Republic of the Union of Myanmar», men det er eit relativt ferskt namn som kom først i 1989. Fram til då var «Burma» namnet som blei brukt når landet blei omtalt av engelsktalande.

Namnet «Myanmar» kjem frå det burmesiske ordet myanma, som er det skriftlege, burmesiske namnet på landet. Burma kjem frå ordet bama, og er det landet heiter på burmesisk daglegtale. Både Myanmar og Burma kjem frå det same burmesiske ordet for den største etniske gruppa i landet, bamar-folket.

Saka held til under bilete

Rohingya

Flyktningar som tilhøyrer Rohingya-folket i Myanmar kjem fram til Bangladesh, september 2017. Foto: Jordi Bernabeu Farrús/Flickr

Difor er det like korrekt å seie både Burma og Myanmar. Det det står på, er kva som er mest politisk korrekt.

Militært kupp ga nytt namn

Det var militæret som i 1989 døpte om landet til «Myanmar», året etter dei tok over makta frå det burmesiske sosialistiske partiet. Motstandarane av militærregimet nekta å bruke det nye namnet, og sa i staden «Burma» i pur protest.

FN, samt Frankrike og Japan, anerkjente regimet og dermed det nye namnet, men USA og Storbritannia nekta for legitimiteten til både namnet og regimet.

Difor brukte aldri Hillary Clinton ordet «Myanmar» i talane sine angåande statsbesøket til det søraustasiatiske landet i 2011. I staden sa konsekvent ho «Burma» eller «dette landet».

– Opp til deg

Sjølv om militærregimet ikkje lenger sit på makta i dag, er det offisielle namnet på landet framleis «Republic of the Union of Myanmar». Det norske utanriksdepartementet brukar no konsekvent «Myanmar».

Dagens de facto leiar av Myanmar/Burma, Aung San Suu Kyi, påpeiker at grunnlova ikkje stadfestar nokon av namna som rett eller galt. Sjølv brukar ho «Burma», men seier det berre er av gammal vane.

– Det er opp til deg (kva du vil bruke). Eg skal prøve å seie «Myanmar» til tid til anna for å gjere alle komfortable, sa ho i ein tale til utanlandske diplomatar i fjor.