«Erna Solberg har svikta oss studentar igjen og igjen»

Fredrik Sørlie
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I snart eitt år har vi følgt råda og retningslinjene som høgreregjeringa har lagt fram.

Eit år kor samfunnet i stor grad har vore nedstengt, og i økonomisk krise.

Eit år der vi studentar har vorte kasta ut i permitteringar og arbeidsløyse.

Eit år der Erna Solberg har svikta oss studentar igjen og igjen.

Vi fortener betre

Takka vere Arbeiderpartiet og dei andre opposisjonspartia fekk vi på plass ein krisepakke for oss studentar.

Eg er glad for at Høgre no følgjer opp det forslaget dei originalt var mot, men resultatet er skuffande.

Det endelege svaret er det same som det har vore heilt sidan byrjinga av pandemien – meir lån, med ein liten stipendandel. Dette er eit hån mot alle som slit. Vi fortener betre.

Arbeidarpartiet, AUF, og samtlege studentorganisasjonar har vore klokkeklare. Studentane er på bristepunktet.

Trange kår

Høgreregjeringa veit allereie at sju av ti studentar er avhengige av jobb på sida av studiane.

Vi lever i knøttsmå leilegheiter i ein ukontrollert leigemarknad som mjølkar oss for stipendet vårt.

Kva skal vi gjere når det ikkje finst jobbar å ta av? Kva skal vi gjere med leiga? Det følgjer ingen konkrete lovnadar om fleire arbeidsplassar, dagpengar eller eit krafttak i bustadmarknaden med den nye pakka.

Einsam i ny by

Vi fortener også langt betre tiltak for studiekvardagen.

Høgreregjeringa har knapt levert noko støtte til å jobbe med å kjempe mot den enorme einsemdsbølgja som rammar oss.

Mange flytta til ein ny by utan ein venekrets, og har no vore innestengt utan moglegheit til å få eit sosialt felleskap, der vi tek vare på kvarandre gjennom velferdsstaten.

Diverre har ikkje studentar noko tryggleiksnett i dag. Vi har ikkje krav på dagpengar om vi blir permittert, og kvalifiserer ikkje til støtte om vi får sparken i den økonomiske krisa. Det vi får, er meir lån.

Meir kompensasjon for bortfall av inntekt

Politkk handlar om ambisjonar for folk sin kvardag, og tiltak for å nå ambisjonen.

Regjeringa sin ambisjon om at berre 30 prosent av studentane skal nytte seg av ordninga er for låg. Meir kompensasjon for bortfall av inntekt, meir til psykisk helse, og ein meir føreseieleg situasjon for permitterte er heilt naudsynt.

Det er ei klar forventing, som Høgre ikkje har lytta til.


Karen Mjør er leiar i Studentersamfundet i Trondhjem, som no tek grep for å hindre einsemd blant studentane i byen. Foto: Privat