«Ja, vi kan lese Rowling, men vi kan ikkje oversjå at Rowling meiner at transpersonar ikkje er det kjønnet vi er»

Luca Ovedie Amundsen (22)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget var først publisert på Facebook og er omsett med løyve frå forfattaren.

J. K. Rowling pleidde å vera eitt av mine største førebilete, eg drøymde om moglegheita til å møta ho og fortelja ho om kor mykje dette universet som ho skapte har hjelpt meg gjennom oppveksten.

No er eg sint, skuffa og såra over dei vala ho har teke dei siste åra.

Klart ein skal få lov til å ha sine eigne meiningar, og eg er for ytringsfridom, men når det går på andre sine menneskerettar, så bør ein forstå at det noko feil med måten ein tenkjer på.

– Rett og slett diskriminerande

I essayet sitt som ho posta på nettsida si og lenka til på Twitter skriv Rowling om sine fem grunnar for kvifor ho valde å ikkje teia meir. I dette essayet dreg ho fram poeng som at gender og sex ikkje er det same, og at det blir feil å byte ut sex med gender.

At transrørsla har dårleg innverknad i forhold til det å læra, og safeguarding som går ut på det å verna born frå overgrep og mishandling.

Det at ein skal ha fridom til å snakka, og det at kvinner ikkje lenger vil vere trygge om tilbodet for transpersonar blir betre. Dette er rett ut pisspreik.

Eg støttar dei av oss som brukar stemma si der det trengst, men om det skulle gå på nokon sine menneskerettar, så set eg ned foten. Det er heilt greitt å diskutera og spørje for å læra, men om du seier noko høgt som går på nokon sin etnisitet, hudfarge, kjønn, seksualitet eller tilhøyrsle så er du rett og slett diskriminerande.

Brukar omgrep feil

I Noreg har vi eitt og same ord for gender og sex, og det er kjønn, men det vi brukar for å skilje mellom kvinner som blei registrerte som kvinner ved fødsel, og kvinner som blei registrerte som menn ved fødsel er cis og trans.

Mange ønskjer kanskje å bruka ordet biologisk kjønn for å laga eit skilje, men ein transperson er like biologisk sitt kjønn som ein cisperson er.

Dette er noko som mellom anna Rowling også gjer feil med. Ho set skiljet på heilt feil stad, og dreg fleire av sine eksempel ut av proporsjonar.

Ho framstiller ei heil gruppe som eit problem

Konsekvensen er at ho både nektar transpersonar å vere det kjønnet vi er, og at ho framstiller ei heil gruppe som eit problem.

Ta eksemplet rundt Maya Forstater. Rowling forsvarte ho og drog fram det at sjefane til Forstater ikkje ville gje ho tilbake jobben fordi ho hadde kome med transfobiske utsegner.

Dette er ikkje sanninga bak. Forstater hadde ein jobbkontrakt som var på veg til å gå ut, og det at ho ikkje blei forlenga var på bakgrunn av at ho misbrukte jobbmailen sin og laga seg ein Twitter-konto med 200 transfobiske tweets på berre éi veke. Så dette er ikkje på bakgrunn av ei utsegn som Forstater hadde, slik Rowling påstår. Mykje meir ligg til grunn for avgjersla om å ikkje forlenge kontrakten.

Skjermdump av ein av dei omdiskuterte Twitter-meldingane.

Uttalar seg på svakt grunnlag

Ikkje minst snakka Rowling om kva ho meiner er grunnen til at fleire vil byte kjønn, og her snakkar ho berre ut ifrå dei få tilfella ho les om i avisa. Homofile, lesbiske eller bifile som byter kjønn fordi dei er redde for homofobi, kvinner som byter kjønn for å sleppe presset rundt det å vere kvinne eller unge barn som føler seg pressa til dette av media.

Desse tilfella stemmer ikkje med 5 prosent av dei som går igjennom kjønnsstadfestande behandling ein gong. I 2018 var det berre 3 personar sidan 2000 som har sagt til NBTS at de i angrar på kjønnsstadfestande behandling. Dette veg ikkje opp for dei av oss som verkeleg ikkje angrar.

Dette er Rowling som finn dei små trådane ho kan trekkje i for å løyse opp eit heilt veggteppe.

Eg kan seie deg med tryggheit at verken eg eller nokon av dei eg kjenner som har eller ønskjer å gå gjennom kjønnsstadfestande behandling gjer dette for å vere ein del av ein trend, eller for å sleppe presset med å vere kvinne. Vi gjer dette fordi vi ønskjer å vere oss sjølve.

– Seier indirekte at eg ikkje er bra nok

Fleire gongar etter essayet sitt har Rowling vore på Twitter og uttala seg på ein ekkel og nedverdigande måte. Mellom anna der ho gjer narr av ein organisasjon for å vere inkluderande og seie «folk som menstruerer». Her skriv ho at ho trudde det fanst eit ord for det, for så å skrive ordet kvinne fleire gongar feil.

Eg er lei av å høyre at eg ikkje er verd nok til at folk respekterer kjønnet mitt

Dette er noko av det som har gjort mest vondt for meg, då ho med desse orda indirekte seier at eg ikkje er bra nok og ikkje kan vere meg sjølv berre på grunn av ein kroppsleg funksjon eg ufrivillig har.

Eg er lei av å høyre at eg ikkje er verd nok til at folk respekterer kjønnet mitt eller det faktum at eg er trans. I tillegg er det faktisk feil å seie at alle som har mensen er kvinner og at alle kvinner har mensen.

Daniel Radcliffe som Harry Potter i «Harry Potter og de vises sten» (2001). Foto: Warner Bros

Fansen tar over verket

Når det kjem til bøkene så blir eg nok aldri å leggje frå meg det universet, men det er ikkje lenger det same som Rowling skapte.

Fanbasen har tatt over det, og ja, rett og slett dytta Rowling ut. Kall det kva du vil, men så fort ein forfattar sluttar å skrive på bøkene så gjev dei det faktisk frå seg til dei som har blitt knytt til det.

Ikkje på tale om at Rowling skal ha moglegheita til å ta det frå oss

Det er skrive så utruleg mange flotte fanfictions, laga mykje bra kunst og skrive så mykje god musikk basert på Harry Potter og magiverda, men ikkje på tale om at Rowling skal ha moglegheita til å ta det frå oss.

Det er vi som no vidare skal utvikla det, og som ber det fram, så kvifor skal ho tene noko på det? Eg har ikkje kjøpt noko frå Wizarding World eller Rowling på ei god stund og blir ei heller å gjere det igjen, men eg vel å støtta små kunstnarar som lagar kunst, historier og musikk basert på magiverda.

Hamsun og Rowling

Dog blir det det same som at vi les Hamsun, men vi kan ikkje gløyme eller oversjå at han var nazist.

Ja, vi kan lese Rowling, men vi kan ikkje gløyme eller oversjå at Rowling meiner at transpersonar ikkje er det kjønnet vi er, og at ho meiner at transpersonar er ein trugsel mot cispersonar og samfunnet elles.

Bibliotek burde kunne halde bokkveld så lenge bibliotekarane syter for å vere inkluderande, deler ut namnelappar kor folk kan skriva det namnet og pronomenet dei vil, spele Wizard Rock, som er inkluderande og pynte hyllene med pride-flagg og kunst frå flotte artistar.

Lytt til lesarane og deira ønskjer.

Eg ønskjer å halde fram å delta på desse kveldane for å kunne møte andre innanfor fanbasen. Ein bokkveld på eit bibliotek er ikkje noko Rowling tener noko på, men det gjer dei av oss som er i fanbasen.


Les også: «I ei årrekke har vi sett folk med klippekort i media påstå at dei blir sensurerte»

Kronikkforfattar Vetle Mikkelsen. Foto: Camilla Korsnes