FHI trur ikkje det kan bli arrangert russetreff i mai

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvart år samlast tusenvis av russ i Kongeparken i Rogaland. Årets billettar vart rivd bort, sjølv om pandemien som stansa treffet i 2020, framleis herjar.

– Eg trur ikkje det er sannsynleg at ein kan halde eit Landstreff med så mange menneske samla i mai, seier avdelingsdirektør Line Vold i FHI til NRK.

Fjorårets treff vart avlyst i mars, nokre veker etter at pandemien hadde festa grepet.

Pressesjef for Landstreffet, Aasmund Lund, seier årets treff blir planlagt som normalt inntil det kjem meir handfaste svar.

– Viss det ikkje blir mogleg å gjennomføre som normalt, så jobbar vi med fleire ulike alternativ, seier han.


Russeservice snur etter kritikken og vil tilby same pris for nynorskruss som bokmålsruss. Illustrasjonsfoto: Colourbox

Illustrasjonsfoto: Colourbox