New York Times har kåra Svalbard som draumedestinasjon
Svalbard er i år med på New York Times si liste over draumereisemål i 2021.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
New York Times har kåra Svalbard som favoritt i år
Kvart år vel New York Times ut 52 draumereisemål for året. Trass i koronatilstandar held dei tradisjonen i hevd. Og Svalbard er godt plassert på den eksklusive lista.
Svalbard er på lista til New York Times over «52 stader verd å elske i 2021», i selskap med mellom anna Isfahan i Iran, det skotske høglandet, Aruba, Lake Michigan og Andros i Hellas. Det skriv Stavanger Aftenblad.
– Det er som om du har forlate jorda. Svevande over denne magiske staden, fortel kunstlærar Krysten Koehn, som hadde eit kunstnaropphald på Svalbard i 2014.
- Les også: Disney skal lage klimafilm på Svalbard
I samband med kåringa, har Aftenbladet snakka med globetrotter og Svalbard-fan Gunnar Garfors.
– Artig at Svalbard er med. Dei treng ei vitamininnsprøyting etter vinglete pandemireglar som øydela det meste av 2020-sesongen, seier han til avisa.
På topp fem-lista over ting å oppsøke på Svalbard, tilrår han hundekøyring, snøscootertur, grottebesøk, fotturar med truger, skiturar og restauranthopping.
- Les også: Etter skredet gjekk Line Ylvisåker på jakt etter svar: – Er det rare vêret klimaendringane?

– Eg er veldig spent. Det er godt å få skrive boka ferdig, og at den no skal ut, men eg er ikkje van til å vere på den andre sidan av journalistblokka, fortel Line Nagell Ylvisårker som no debuterer som forfattar med boka «Verda mi smeltar». Portrettfoto: Samlaget / Bakgrunnsbilete av Adventfjorden på Svalbard: Bente Kjøllesdal