Spådommar for dei neste tjue åra

Dette tippar Framtida.no hender innan 2040.

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 13:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida.no har oppsummert epoken vi nettopp har lagt bak oss frå 2000 til 2020, og kva er vel då meir naturleg enn å kike inn i spåkula for kva vi trur kjem til å hende dei komande tjue åra?

Dette trur Framtida-redaksjonen skjer innan 2040:

Kim Kardashian får fredsprisen

Den mest framtredande Kardashian-søstera har som oftast mykje på gong. Anten skal ho lansere eit nytt produkt eller så er det ein ny baby.

Tidlegare i år annonserte Kim Kardashian at ho skal gå i sin fars fotefar og vert advokat. I fire år framover skal ho setje av minst 18 timar kvar veke til å studere, og kvar månad lyt ho ta prøvar.

Overraska? Ho har allereie utgjort ein forskjell. Då Donald Trump i juni 2018 benåda den 63 år gamle Alice Marie Johnson, som hadde site i fengsel i 21 år for eit ikkje-valdeleg narkotikalovbrot, hadde visst Kim K. ein finger med i spelet.

Hjartesaka hennar er nemleg å endre fengselssystemet i USA.

Kanskje får ho fredsprisen innan 2040? Meir overraskande ting har skjedd.

Prins Sverre Magnus vert folkets kjendiskonge

Den unge prinsen (som jo er kongen av dabbing!) har underhalde det norske folk i fleire år, anten det er frå slottsbalkongen eller på offisielle bilete frå Slottet.

Innan 2040 har prins Sverre Magnus fått ein plattform for spøkane sine.

Om det vert eit realityprogram som Punk’d, ein podkast eller ein YouTube-kanal er spåkula i Framtida.no-redaksjonen heller uklår på.

Kanye West vert president

Kvifor ikkje velje nok ein mann med litt Messias-kompleks til amerikansk president?

Kanye West lufta tanken om å verte president i USA allereie i 2015 under MTV Video Music Awards.

Det kan diskuterast kor seriøst ein tok utspelet til Kanye då, men han har gjenteke ambisjonen også i ettertid. Han har justert tidsramma litt, og skal no stille som presidentkandidat i 2024.

Spørsmålet er: Er Kanye like god til å sanke stemmer som han er til å selje plater?

Else <3 Aksel

Vi kryssar fingrane for at Noreg får eit nytt superpar i Else Kåss Furuseth og Aksel Lund Svindal.

Då dei to gjesta Lindmo tidleg i november var det berre å slå fast at dei to har ein «varm og rørande relasjon»!

Kva hadde vel vore finare enn at Noregs triveligaste person og Noregs fremste atlet finn saman?

Kurt vert oldefar

Kurt Nilsen er nybakt bestefar. Foto: egilaslak/Flickr/CC-lisens

Landets første Idol-vinnar, gitarkamerat og offisielle julesongar, Kurt Nilsen vart pappa for første gong då han var 18 år. For ein liten månad sidan annonserte songaren at han hadde vorte bestefar, då dottera hans Marte (22) hadde vorte mamma.

Framtida.no held ein knapp på at Kurt Nilsen vert oldefar i løpet av dei neste tjue åra.