Unge har mindre trua på framtida

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tala kjem fram i den årlege UNG-undersøkinga for NHO som blei publisert torsdag, fortel NRK.

Resultata frå undersøkinga i år markerer eit brot med det som har kome fram i undersøkinga tidlegare. Då har dei fleste ungdommane svart at dei trur dei vil få det lettare enn foreldregenerasjonen.

Trur du din generasjon vil få det tøffare enn foreldrene dine?

Trur du din generasjon vil få det tøffare enn foreldrene dine?

Ja, definitivt57
Trur det vert like tøft14
Nei, lettare.18
Veit ikkje17
Svar totalt: 106

 

No er altså trua på framtida blant dei unge svekt. Undersøkinga viser at eit fleirtal av ungdommane over heile landet er bekymra for at dei vil stå utanfor arbeidslivet. Mange er også urolege for at dei ikkje skal få den jobben dei drøymer om eller om dei får ein jobb i det heile.

– Dette er ein tydeleg beskjed frå unge over heile landet, seier regiondirektøren i NHO Innlandet, Jon Kristiansen, i ein kommentar til NRK.

Han meiner at alle no har eit ansvar for å gje dei unge tru på framtida.


Tvillingane Robert (t.v) og Reidar Rosales Johansen (26) er lidenskapeleg opptekne av vin.
Foto: Andreas Brattåker Støyva