«Er eg berre som Diego som går rundt og syng heilt feil?»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det har skjedd mykje i utviklinga av internett dei siste åra. Eg er kanskje berre 26 år gammal, men eg hugsar mamma seie «Janne Merete, no må du ut av internett fordi eg skal ringe til Besta».

Viss eg fortel søstra mi på 12 år om korleis eg høyrde på Knutsen og Ludvigsen på kassett eller såg Jungelboken på VHS, så må eg ha eit heilt foredrag om kva det er.

Alt var ikkje like lett tilgjengeleg før, deriblant songtekstane.

Wakka makka flow

Eg sat ein kveld i desember med romkameraten min og eit glas raudvin, og me mimra tilbake til tidleg 2000-talet med ei evig lang speleliste på Spotify. På mange av songane kjem teksten automatisk tilbake med ein gong, sjølv om eg kanskje ikkje har høyrt dei på nesten 20 år. Dei er som innprenta i hjernen. Til og med songar på andre språk.

Der kan eg for eksempel «La bamba» av Los Bobos og «Macarena» som er spansk. Eller alle orda til «Dragostea Din Tei», som er på romansk. Og eg har lenge sunge med på «99 Luftballoons» og «Ich Will» av Rammstein på tysk. Eller litt på refrenget til «Volare!» på italiensk. Til og med Kate Ryan sin «Deschantee» på fransk kan eg på rams. Dei fleste syng nok med når dei høyrer ein av desse.

Dei er som innprenta i hjernen

Då kunne me ikkje google tekstane og synge med. Då måtte du enten setje deg ned og pause og starte songen om og om igjen heilt til du fekk skrive ned teksten.

Eller den verste metoden: Berre høyre songen om og om og om igjen til teksten sat. Det var det som ofte skjedde. Du fekk gjerne ein ny kassett eller CD og då høyrte du på den x tal gonger til du vart lei.

Av og til får ein feil. For eksempel i Boomfunk MC sin song «Freestyler» (som til og med er på engelsk) syng dei visst ikkje wakka makka flow i starten, men rock the microphone har eg funne ut i etterkant.

Diego og DJ-en

Men det største sjokket fekk eg på appen TikTok ein dag.

Der var det ein som kunne fortelja historien bak sangen «The ketchup song» av Las Ketchup. Songen som mange, både litt eldre og framleis dei litt yngre, syng og kan dansen til. I lag med «Macarena» var det ein klassikar på alle diskotek på småskulen på bygda.

Denne songen har eg gått heile livet og trudd eg kan ganske bra. Songen er på spansk, eit språk eg absolutt ikkje kan, men teksten kan eg på rams, med bra uttale òg må eg seie sjølv.

I Tiktok-en fortel han at songen handlar om ein mann som heiter Diego, og han går på ein nattklubb der han kjenner DJ-en, og DJ-en er snill med han og spelar favorittsongen hans.

Refrenget på «The ketchup song» ser slik ut:

Y aserejé-ja-dejé

De jebe tu de jebere seibiunouva majavi an de bugui an de güididípi

Det er ikkje spansk. Det er ikkje tullespansk ein gang, sjølv om det skal kunne likne. Han prøvar å synga med på favorittsongen hans, som er …

«Rappers delight» av Sugar Hill gang.

Den som ganske kjent går:

I said a hip hop the hippie the hippie

to the hip hip hop, a you don’t stop

the rock it to the bang bang boogie say up jumped the boogie

to the rhythm of the boogie, the beat

Det er altså Diego som står på nattklubben og slit med å synga med på teksten (som er godt forståeleg).

@joe.alarconi grew up with both of these songs and never made the connection! S/O @xermaneofficial for inspo #latino #latina #hispanic♬ original sound – Joe Alarcon

Korleis kan eg ha gått glipp av dette heile livet?

Korleis kan eg heile teksten, men ikkje visst at det ikkje er skikkelig spansk ein gang? Og når du først veit det er «Rappers delight» han prøver å synga, så er det så enkelt å høyra at det er det han prøver på.

Er eg berre som Diego som går rundt og syng heilt feil på alle tekstane?

Nei, no må eg gå å sjekka alle tekstane i Google Translate.


Har du noko på hjarte? Send ditt innlegg til tips(a)framtida.no!

Les også saka: 10 Instagram-bilete som gjorde varig inntrykk – på godt og vondt

Chrissy Teigen si openheit om å mista eit barn, Jennifer Aniston sin Friends-reunion, Lizzo og andre kroppspositivistar, rekordegget, #BlackOutTuesday og andre rørsler, Chadwick Boseman og andre dødsfall og det første biletet som vart publisert. Foto: Instagram