Eg trur ikkje den perfekte julefeiringa finst

Oscar Aaslund Hovin (27)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kommentaren vart først publisert i Adresseavisen Midtnorsk Debatt.

Denne går ut til deg som liker jula. Til deg som synest jula er vanskeleg. Til deg som kjenner på sakn. Til deg som berre godtar det perfekte. Til deg som er einsam. Ja, jula er ei sår og vanskeleg tid for mange. Kjenslene blir forsterka. Ein minnest på alt ein har, og alt ein ikkje har – på godt og vondt.

Kvifor feirar vi jul? Det er mange diskusjonar knytte til opphavet til jula. I juleevangeliet får vi høyra om ei gravid jomfru som måtte føde under særs kummerlege forhold i byen Betlehem, på veg til ei folketeljing for rundt 2020 år sidan. Ho fødde ein son som fekk namnet Jesus, og hans livsoppgave var ikkje mindre enn å frelsa heile verda. Jula samanfell òg med ein romersk høgtid som feira sola ved vintersolverv.

Feiringa er knytt til at sola snur i løpet av 21. eller 22. desember, når dagane blir lengre og nettene kortare. Uansett om ein feirar solsnu eller Jesu fødsel, har jula utvikla seg til å bli ein konkurranse i perfeksjonisme og i å vera vellykka. Jula har blitt langt dyrare enn kva ho var. Vi vil ikkje lenger ha røkelse, gull og myrra. Vi ønsker oss dei dyraste og finaste gåvene, dei finaste antrekka og det mest perfekte julebildet til Instagram og Facebook. Jula er samhald, tradisjonar, nestekjærleik og omtanke for andre menneske. Forventningane til jula er store.

Eg har òg kjent meg einsam. Vi veit det er einsemd i samfunnet, men få vil innrømma kjennskap til det.

Einsemd i ei tid ein skal vera saman i fellesskap. Blar vi gjennom sosiale medium på julaftan ser vi ikkje einsemd og tap, sjølv om vi veit at ho er der. Vi ser heller ikkje julefeiringen som enda i katastrofe, heller ikkje barna som gruer seg til at alkoholen kjem på bordet. Vi ser lykkelege familiar kledd i dei finaste antrekka sine. Vi ser julepynta heimar og vi ser vakre juletre, laga av plast, etter årevis med ekte tre av særs varierande kvalitet. Korleis er det å vera einsam i ei tid det er forventa at ein skal vera saman i fellesskap? Helse- og omsorgsminister Bent Høie uttalte i 2015 at einsemd er like farleg som røyking. I jula blir einsemda forsterka, både av eigne og forventningane i samfunnet av kva jula skal vera. Einsemd er ei vanskeleg kjensle. Eg har òg kjent meg einsam. Vi veit det er einsemd i samfunnet, men få vil innrømma kjennskap til det.

Eg hugsar godt den vonde kjensla. Mange barn i Noreg veks opp med foreldre som har valt å gå frå kvarandre. Sjølv om mange foreldre er flinke til å feira jul saman, er forholdet til foreldra så anstrengt at ein felles julefeiring blir vanskeleg. Eg har sjølv foreldre som gjekk frå kvarandre då eg var ti år, og eg hugsar godt den vonde kjensla eg hadde når eg feira jul hos ein av dei og eg visste at den andre sat åleine. Eg trur mange barn sit på julaftan og har det vanskeleg når dei veit at ein av foreldra sit åleine.

Sjølv om jula er barnas høgtid, er det også høgtid for vald og overgrep mot barn. Over 90 000 barn gruer seg til jul på grunn av rus, ifølgje Blå Kors. Du kjenner garantert nokon av dei. Det største ønsket dykkar for jula er ikkje NinjaGo eller ny iPad. Dei ønsker å ikkje vera redd. Dei ønsker edru latter. Dei vil ha trygge vaksne som ikkje snøvlar. Dette stiller ekstra krav til oss vaksne – heile tida. Vi må vera oppmerksame på korleis barn har det. Vi må tørre å spørja, samtidig som vi må takla det svaret vi får. Vi må tørre å melde bekymring, heller ein gong for mykje enn ein gong for lite. Vi må våge å tenka det verste – mange barn har ei jævlig jul.

For nokon, vil denne jula bli den siste. Nettene i julehelga mi skal haldast til på jobb. Eg jobbar i ei teneste som yter helsehjelp til familiar med alvorleg sjuke barn i heimen deira. Tenesta vår bidrar til at barn med alvorlege tilstandar kan bu heime med familien sin. Det er fint å tenka på. Fleire av barna vi hjelper, har ei eller anna form for tilstand som medfører forkorta levetid. Dei har ikkje heile livet føre seg. Det er realiteten for familiane til dei om lag 6500 barna i Noreg som lever med ein sjukdom der døden er eit forventa faktum. For nokon av desse barna, vil denne jula vera den siste. Det gir meg andre perspektiv på noko av det skjøraste vi har, livet.

Ei trøst at vi er mange som kjenner saknet? Jula skal ikkje ytast, ho skal nytast. Med alle forventningar, er det ikkje rart at nokon føler seg utanfor. Vi er flinke til å samanlikna oss med andre. Vi legg opp til ei forventning om at jula skal bli perfekt, men andres streben etter perfekt er ein dårlig målestokk. Eg trur ikkje den perfekte julefeiringa finst. Denne jula blir spesiell for dei fleste. Gjennom store delar av 2020 har vi levd med restriksjonar. Restriksjonar som vil setja preget sitt på denne jula. Ikkje alle tradisjonar kan gjennomførast. Ikkje alle kan vera saman med sine næraste. Kanskje det er ei lita trøst å vita at vi er mange som kjenner sakn i jula?

Eg trur vi må skapa vår eiga jul, med våre eigne forventningar – ikkje samfunnets. Det viktigaste er at ein skaper seg sin eigen perfekte julefeiring – be your own kind of perfect, som dei seier i Amerika. La denne tida bli fylt av ettertanke, deling av gode minne, og omsorg for menneska rundt oss.

Alle gode tankar frå meg – eg ønsker deg ei riktig god jul!

LES OGSÅ: Jula er ei samlande tid, men kan også vere splittande

Torkel Eikevik minnar om at ikkje alle har ei Instagram-jul. Illustrasjonsfoto: Jonathan Borba