«Jula er ei samlande tid, men kan også vere splittande»

Torkel Eikevik
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette året har vore ei aning spesielt. Uuthaldeleg. Ufordrageleg. Komisk grusomt. Spesielt var eit dårleg ordvalg.

Trass i dette, har vi snubla oss fram i slafset til sjefsmånaden i året: Desember. Siste boss.

Sjølv om vi sikkert alle er slitne og ganske ferdige allereie, skal 2020 avsluttast i kjent stil.

Byt ut akevitten med antibac, så skal du sjå det blir stemning i år òg.

For julefeiringa er trass alt veldig viktig for oss nordmenn. Du kan ta livet mitt, COVID-19, men den krampeaktige julefeiringa, får du aldri.

Ein einaste stor, løgnaktig Instagram-klisjè

Den har i seinare tid blitt som ein einaste stor, løgnaktig Instagram-klisjè.

God mat, kronisk overtenning, og stadig anerkjennande nikk i retning materialisme, og konsumerisme.

Det er trass alt berre jul ein gong i året. Ja, det er berre september ein gong i året også, men det blir ikkje fullstendig gale-matias av den grunn.

Er det ein felles konstruert sosial illusjon?

Eg undrast; er det verkeleg så koseleg å feire jul som vi skal ha det til? Eller er det ein felles konstruert sosial illusjon?

Knut Risan og Jesus

Slik eg forstår det feriar vi jul til minne om Jesus fødsel. Han vart tilsynelatande fødd den 24. desember, ifølgje alle julesongar, som vi alle veit er meir pålitelege enn harde fakta, på lik linje med kommentarfeltet til Nettavisen.

Fødselen hans blir minna ved at vi legg snop i ein sokk, ser Knut Risan dra ein skamlaus voice-over på alle skodespelarane i ein tjekksisk lågproduksjon frå 1973, og at vi et sau, og har freepass på å bli småsnydens klokka sju.

Guds son vart trass alt fødd, må vere innafor å ta seg ein dram.

Tsjekkiske Libuše Šafránková har fått ein sentral plass i den norske julefeiringa med tittelrolla i «Tre nøtter til Askepott» frå 1973. Foto: (National Film Archive (NFA), Praha)

Koseleg- og vaksenskalaen

Jula, den er koseleg den. Den skal i det minste vere det. Noko anna er uaktuelt. Ein skal endeleg heim, frå storbyens kjas, mas og mislykka tindring.

Heim til kattar, hundar, og menneske ein er onkel og tante til. Heim å slappe av. Heim å stresse.

Då eg var liten var julaftan utan tvil den beste dagen i året. Ein fekk som regel nye spel til Playstationen, mjuke elendige pakkar frå herlege tanter, og ein kunne stele mykje som inneheldt sukker, unotert.

Kor ligg eg på koseleg- og vaksenskalaen?

Etter kvart som eg blei eldre og drastisk nærma meg tredve, har eg kjent litt ekstra etter. Blir det like gøy å få eit Playstation-spel i år?

Ja, det blir det. Men eg har også kjent på kosepresset. Kor ligg eg på koseleg- og vaksen-skalaen? Rundt jul gjev eg meg sjølve ein solid seks av ti. Del fleste andre ser ut til å ligge rundt tretten.

Kosepresset

Det blir stadig ufrivillege innsyn i andre si uslåelege feiring.

Det er retusjerte, perfekte liv, og sprøstekt svor rett i julenebbet. Det er konstant kjekk stemning på radioen, og Maria Mena har mot all formoding lyst heim i år også. Det er ingen som hindrar deg, Maria. I verste fall Bent. Om ikkje får du ta båten, slik som oss andre lekfolk.

Og så du då, Kurt Nilsen, Mr. World Idol, som får 13 millionar av kultur-nissen til jul. Javisst blir blir det stemning frå deg.

Javisst er det koseleg. Med Maria og Kurt konstant i monitor, Love Actually, krumkaker og god tilgang på gratis alkohol. Alt tilseier at ein burde ha det som plomma i havet. Ein kjenner det vekse. Julepresset. Kosepresset.

Ikkje lett å late som

Om ein ikkje har det dritbra, skal ein i alle fall late som.

På statskanalen vert det steikt ribbe og framført julecovers over ein lav sko.

Nadia Hasnaoui har det faktisk så skrekkeleg koseleg kvelden før kvelden, at det er like før ho sprenger utover gjestane Astrid S, Petter Northug, og Peder Kjøs (rein gjetting, vipps meg om eg får rett).

Det er ikkje like lett å late som, for alle

Det er ikkje like lett å late som, for alle. Ved å vedlikehalde denne ideen om at nettopp denne tida er så uproblematisk, gjer ein det meir problematisk for dei som ikkje har det slik.

Dei som kanskje ikkje har ein familie å feire med, eller har vonde minne knytt til jula. Dei med fattige foreldre, som må lyge om kva dei får til jul, og dei med rusproblem, som må lyge om kva dei gjer til jul.

Det skal ikkje vere lett. Særleg ikkje for den ribbefeitt-sjokk prega hjernen din, som får beskjed om å ha det fint, medan han ikkje har det. Hjernen er åleine. Du er åleine. Og du kjenner det betre enn nokon gong.

O jul med di kvasiglede

Jula er ei samlande tid, men kan også vere splittande.

Dei som kjenner seg einsame, og slit med psykiske lidingar er sårbare til vanleg, og merkar meir til kosepresset enn andre.

Hjelpetelefonen sprengjer kapasiteten sin, med hopetal av ungdom og unge vaksne som kjenner seg einsame, og har det spesielt vanskeleg.

Særleg i år, er det fleire som går ei usikker tid i møte, sidan mange av tiltaka for dei mest sårbare gruppene er stengt ned.

Heldigvis har regjeringa gjeve 25 millionar i støtte til hjelpetelefonen, og organisasjonar som Kirkens bymisjon, Blå kors, Røde kors, og Frelsesarmeen for å setje opp tiltak for desse menneska.

O jul med din kvasiglede. Vi ynskjer deg kanskje ikkje alle, like velkommen.

Det er lov å ikkje ha det perfekt

Eg seier ikkje at du ikkje har lov å kose deg i jula.

Tvert i mot. Om du har det koseleg, nice, ha det koseleg! Det er berre koseleg.

Men om du ikkje gjer det, så er det greitt det òg. Det er lov å ikkje ha det perfekt heile tida. Også i jula.

Simply having a mediocre christmas time

Det er lov å tykkje det blir slitsamt. Trampe ned i kjellarstova for å kunne furte i fred.

Det er lov å ha det tough, og det er lov å bli litt svidd når du høyrer den same sangen for femhundreogsjette gong.

Simply having a mediocre christmas time.

Det er også lov å ikkje le av hovmeisteren. Ingen synest mindre om deg. Det blir berre litt godt trengt, dårleg stemning. Personleg tykkjer eg det er like spanande å sjå om han ramlar i tigerhovudet kvart år. Ein ekte thriller.

Folk ein treng meir enn alt

På godt og vondt, mest vondt, har det vore elleve seige månader eg gler meg til å runde av.

Eg gler meg også til å høyre nyttårstalen til Erna om at vi må slå hand om kvarandre, medan ho tvangskastar ein norsk 18-åring ut av landet.

Ein får håpe alle kjem seg trygt og pestfrie heim, så vi kan avslutte denne unnskyldninga av eit år på rett vis; brisne, spymette, og Twist-etande, medan vi får gåver vi ikkje treng, frå folk ein treng meir enn alt.

God jul.


Emilie Hansen vågar ikkje avsløre kor mykje tid ho brukar på biletappen Instagram. Illustrasjonsfoto: Eric Lucatero, Unsplash.com