Rebekka (22) kastar egg for å samla inn pengar til Kreftforeningen

Andreas Brattåker Støyva
Publisert
Oppdatert 11.01.2021 08:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ideen er ganske tilfeldig, eigentleg. Målet er å samla inn pengar med ein humoristisk vri, skriv 22-åringen i ein e-post til Framtida.no

Det er her egget kjem inn. Rebekka Raad kastar egg til ein bestemt person i videoane sine, og om vedkomande klarar å ta imot egget utan at det knuser, må ho vippsa Kreftforeningen 100 kroner. Om dei ikkje klarar å ta imot egget, må dei vippsa 100 kroner.

Til no har ho fått med seg gjester som Sigrid Bonde Tusvik, Kari Traa, Guri Solberg og mange fleire.

Vil skapa glede

Det finst mange innsamlingsaksjonar der ute, der fokuset er på det triste og urettvise. Det er sjølvsagt viktig å få fram, men eg ynskjer å gjera det med litt humor for å skapa glede i kvardagen. Folk synast eggekastinga er morosamt, og eg kastar ofte egget i ein utfordrande situasjon, forklarar Raad.

Døme på dette er videoane kor ho kastar egg til tidlegare skikøyrar Klaus Finne medan han surfar, og til Kari Traa, medan ho er på ski.

@rebekkaraad4. Desember?? ##Klausfinne ##Julekalender ##foryou @ekstremsportveko♬ original sound – Rebekkaraad

 

Ho hadde ein liknande kalender i fjor, men då var det berre for moro, og for eigne følgarar. Ho fekk god respons.

Eg ville difor gjera det same i år, berre med ein vri. Mange finn korona-situasjonen skremmande, så eg ynskte å gjera noko som kan vera med på å gje litt glede, og samla inn pengar til ei god sak.

Om reaksjonane i fjor var positive, har årets utgåve gått over all forventning. Med kring 100 000 visningar og mange meldingar, er det engasjementet stort.

Eg har motteke meldingar både frå kreftpasientar sjølve, pårørande og andre. Fleire har delt personlege meldingar om deira historier, og om kvifor dei meiner det eg gjer er bra. Til og med kreftsjuke barn har teke kontakt. Eg var klar over at det er mange som har opplevd kreft på nært hald, men ikkje att det var så mange.

Ikkje tilfeldig at det vart Kreftforeningen

Grunnen til at det blei akkurat Kreftforeningen Raad samlar inn pengar til, er samansett. Ho har alltid hatt medkjensle med dei som opplever kreft i ei eller anna form.

Ho synast sjukdommen er urettvis, og at det er trist at så mange må gjennom ein kamp med kreften.

Då eg kom med ideen om julekalenderen, visste eg at eg ville samle inn pengar til ei god sak. Men det var fyrst då eg fekk beskjed om at ei venninne av meg hadde vorte sjuk, at eg bestemte meg for at det var Kreftforeningen pengane skulle gå til, seier Raad.

For å engasjera flest mogleg, har Raad fått med seg ein del kjendisar i kalenderen sin. Dette gjer at den når ut til fleire, som forhåpentlegvis betyr at fleire gjev pengar til Kreftforeningen.

Så langt har eg publisert videoar med Sigrid Bonde Tusvik, Guri Solberg, Kari Traa og Ørjan Burøe, men også mange andre.

@rebekkaraad7. Desember?? ##Sigridbondetusvik ##Julekalender ##Foryou♬ original sound – Rebekkaraad

 

Kven drøymegjesten er, veit ikkje Raad heilt.

Det er sjølvsagt stas at personar eg ser opp til ynskjer å vera med i kalenderen. Men, eg er like takksam for kvar og ein som har delteke. Alle er like viktige.

Vipps

Raad har motteke bilete frå folk som har vippsa til Kreftforeningen, men ho har ikkje 100 prosent oversikt over kor mykje som er samla inn. Det får ho greie på i januar, når Kreftforeningen får oversikt over kor mykje dei har samla inn.

For å få best mogleg oversikt, ynskjer ho at Vipps-donasjonar skal merkast med «Rebekka Raad» i tekstfeltet.

Det viktigaste er likevel at Kreftforeningen får inn pengar, så forhåpentlegvis fleire av dei som lir av sjukdommen kan få ei tryggare og betre oppleving i framtida.

Om du ynskjer å donera til kalenderen, kan du vippsa ein sum til 2277 og skriva «Rebekka Raad» i tekstfeltet.

Generalsekretær i Kreftforeningen Ingrid Stenstadvold Ross.
Foto: Jorunn Valle Nilsen/Kreftforeningen

Generalsekretær i Kreftforeningen, Ingrid Stenstadvold Ross, kan fortelja at ho synast det er utroleg flott og rørande å sjå at fleire unge i år vel å samla inn pengar til kreftsaka gjennom julekalendrar på sosiale medium.

Koronaåret 2020 har vore tøft for mange kreftpasientar og pårørande, og då er det ekstra fint å følgje Rebekka som gleder andre med sitt sprelske og morosame eggepåfunn i denne litt tunge førjulstida, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.

– Arbeidet til Kreftforeningen er tufta på innsamla middel, og utan engasjementet frå enkeltpersonar som ho, kunne me ikkje ha støtta viktig kreftforsking eller gjeve tilbod til kreftramma i heile landet, rosar generalsekretæren i Kreftforeningen.