Kameratkvartett syng jula inn i «Julecalenderen» på Instagram

Andreas Brattåker Støyva
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I rike kulissar, beståande av juletre, nissar, stearinlys, snømenn, gløgg og grønsaker sit fire karar skulder i skulder og framfører ein songsnutt om dagen, fram til jul. Dei forklarar dei kreative kulissane slik:

– Jul har jo alltid vore ei stor inspirasjonskjelde for oss, då. Men me tek oss fridommen til å krydra med diverse ting frå studentkollektivet, skriv dei i ei melding til Framtida.no.

At dei tek seg fridommar, kan vera med å forklara gulrota, den raude jerngryta og gassbeholdarane som er å sjå i enkelte av lukene.

Kulissane har vorte langt meir omfattande no, enn dei var i den fyrste luka, 1. desember 2017.

Berre for moro skuld

Heile kalender-eventyret starta då tre av karane flytta saman i kollektiv i Oslo. Dei hadde gått på musikkline saman i Kristiansand, og hadde lyst å laga ein morosam og lite ambisiøs julekalender for deira næraste. Då jula kom, enda dei difor opp med å laga nokre korte songsnuttar kvar dag i desember.

No har dei fått over 3300 fylgjarar på Instagram, og det er langt fleire enn deira næraste som får glede av songsnuttane.

Medlemmane i kvartetten heiter Erlend Tredal (24), Vetle Mørland (24), Morten Hsiung (24) og Morten Roel Langemyr (25).

Tre av dei gjekk på vidaregåande saman, medan Langemyr studerte saman med Tredal.

Årets kalender er den fjerde i rekka, og i år har dei prøvd å planlegga litt betre enn tidlegare.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Julekohort i 26B (@julecalenderen)

– Me har fått spelt inn ein del av lukene i november, men det vert ein del innspeling i desember også.

«Savner julens kanin»

– Korleis vert songane til?

– Erlend og Morten (Langemyr) komponerer fyrst songane i eit noteprogram. Denne prosessen tek alt frå ti minutt til ein time. Så kokast det litt kaffi, og kanskje litt gløgg før resten av gjengen lærer seg låta, pynter bordet og trykker REC på kameraet. Det er ein ganske tidkrevjande prosess, men til gjengjeld veldig hyggeleg.

Med djupe titlar som «Savner julens kanin», «Julefuglen Mons Bertil» og «Ikke strø salt på snøen min», er kvar luke herleg original.

Då det berre er 24 luker i ein julekalender, kan det vera greitt å ha noko anna å driva med resten av året. Tredal og Langemyr er ferdig utdanna frå Norges Musikkhøgskule, Mørland studerer medisin ved Universitetet i Oslo, og Hsiung jobbar som paramedic.

God respons, få naboklager

Kalenderen som starta som noko lite og morosamt for deira næraste, har vorte ein del av førjulstida for langt fleire. Responsen har vore over all forventning. Kvartetten synest det er veldig kjekt at så mange set pris på det dei gjer.

Det verkar naboane å gjera også, stort sett.

– Me har ikkje fått nokre klager i år, så langt, så det lovar godt. Under innspelinga av «Operaens Jul» i fjor, var det ein i underetasjen som var oppe og dunka. Det har me forståing for, når me startar med slikt klokka eitt på natta. Om de som bur under oss les dette: «Beklagar for alt, me spanderer gløgg og peparkaker!»

I det som må kunne seiast å ha vore eit kjipt år, er kanskje kalenderen viktigare no, enn i tidlegare år.

– Me håpar det kan vera eit pusterom fritt for koronanyheiter. Basert på kommentarar me får, verkar det som at folk set pris på at det er ei pandemifri sone.

Gjesteartistar

I fleire av lukene har dei med seg gjesteartistar. Så langt i årets utgåve, har artisten Skaar vore gjest. I fjor vitja mellom anna Ruben og Sofie frå gruppa Fieh dei.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Julekohort i 26B (@julecalenderen)

– Kven er draumegjesten?

– Alf Prøysen eller Mariah Carey, om fyrstnemnde framleis var i live og sistnemnde kunne norsk.

Det er med andre ord berre å fylgja med, for det er framleis mange luker att i årets utgåve. Og kven veit, kanskje dukkar Mariah Carey opp i ei av lukene også?


Frå venstre: Neda Alaei, Eili Harboe og Tore Renberg er nokre av forfattarane som deler sine beste julegåvetips til lesehesten. Foto: Julie Pike, Jonathan Vivaas Kise og Marie von Krogh