Ny historisk strøymeteneste: Her er låtane oldeforeldra dine dansa til

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førsteutgåva av tenesta omfattar opptak av alt frå den første norske grammofonartisten Adolf Østbye til folkekjære artistar som Jens Book-Jenssen, Alf Prøysen, Nora Brockstedt og Søstrene Bjørklund.

Her er eit knippe låtar det kan vera verdt å lytta til:

Opp på Ringerike – Zetterstrøm & Kristoffersen

Året er 1941 og den kjende duoen Zetterstrøm & Kristoffersen kjem med slagaren «Opp på Ringerike».

Den lødige valsen nærmar seg kroppsfikseringa i dagens russelåtar:

Opp på Ringerike
Der er reine himmelrike
Der er deilige kvinns
Ikke snakk og sminke
Her er lår og skinke
Av de største som finns

B-sida på same singel har den meir rolege foxtroten, «Ta det rolig, hold deg kald».

Den går inn i krigstida og tar det britiske uttrykket ved starten av Andre verdskrigen, «Keep calm, carry on» til musikken.

«Jeg roper høyt til kona mi, hver gang jeg ser et fly», er ei talande strofe frå songen.

Zetterstrøm & Kristoffersen på framsida av eit visehefte som dei gav ut. Foto: Sverresborg Trøndelag Museum, CC NC-BY-SA-lisens

Gal efter gutta – Adolf Østbye

Adolf Østbye (1868-1907) er den første som spelte inn musikk i Noreg. «Gal efter gutta» er ein av slagarane hans.

Fleire av låtane hans er snakke-songar, der han snakkar til trekkspel, som til dømes «Julemorro paa landet».

Kvaliteten på dei 115 år gamle innspelingane er ymse, så du må spissa øyro for å få med deg all tekst.

Einar Rose var lenge kunstnarisk leiar og iscenesetjar ved revyteateret Chat Noir. Foto: Oslo Museum

Funkishuset – Einar Rose

Einar Rose er ein dei største revystjernene gjennom Noregshistoria og sentral i norsk populærmusikk før krigen.

Fram til 1941 gjorde han 300 innspelingar.

Han var viktig for den folkelege «Oschlo-tonen» i revyen, og forbløffande mykje av materialet hans er livskraftig langt etter han døydde.

I låta «Funkishuset» gjer han narr av funkishusa som blei populære i mellomkrigstida:

Huset er av bare glass
Så de som går forbi det
Ser bare blanke messingen
På alt som er inni det

Blåveispiken – Radiofantomene

Reidar Bøe og Kurt Foss utgjorde den svært populære duoen Radiofantomene på 1940-, 50- og 60-talet.

I 1950 utgav dei «Blåveispiken», med tekst av Arne Paasche Aasen, som selde i 100 000 eksemplar. «De nære ting» er òg ei svært kjent sviske.

Sidan kom «Det ringer, det ringer» i 1953, men den er ikkje tilgjengeleg enno. Det er derimot fleire tonesettingar av Jakob Sandes dikt, som Fantefylgje og Den vesle jenta og folungen.

Og apropos nynorsk grammofon-historie: Ein av dei eldste tilgjengelege songane frå strøymetenesta er den nynorske «Eg veit ei liti gjenta» framført av Carsten Woll ein gong mellom 1903 og 1910.

«Ophelia» av John Everett Millais, måla i 1852.

Fakta: 78-plater

  • Musikktenesta til Nasjonalbiblioteket er ein betaversjon under utvikling, og vil bli utvida med nye titlar og forbetra funksjonalitet.
  • Ei 78-plate er ei grammofonplate for avspeling med 78 omdreiningar i minuttet, og består vanlegvis av ei blanding av det harpikslignende stoffet skjellakk og ulike mineral.
  • Skjellakkplater blei produsert for den norske marknaden frå starten av 1900-talet heilt fram til 1958, då vinylplatene blei introdusert. Dei første kommersielle grammofoninnspelingane i Noreg blei gjort i desember 1904 på Grand Hotel i Kristiania.
  • Prøv ut tenesta sjølv på www.nb.no/78-plater.