Glemmen videregående skole i Fredrikstad får Benjaminprisen for 2020. Prisen får dei for sitt arbeid mot rasisme og diskriminering.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skulen er ein kombinert vidaregåande skule og yrkesfagleg skule i Fredrikstad med 1350 elever. Dei får årets pris i konkurranse med 20 andre skular.

Det skriv HL-senteret i ei pressemelding.

– Det viktigaste i barn og ungdom sine liv

– Inkludering, venskap og tilhøyrsle er det viktigaste i barn og ungdom sine liv. Utan dette fell det andre saman. Benjaminprisen vil opne nye dører i vårt arbeid, seier rektor ved Glemmen videregående, Pål André Ramberg.

Juryen skryt av at skulen arbeider systematisk mot rasisme og diskriminering ved å involvere elevane. I tillegg jobbar skulen aktivt med eit nettverk av eksterne aktørar i nærmiljøet, både innanfor frivillig-, kommunal- og kultursektoren.

– Det å motta Benjaminprisen gir oss ei heilt ny tyngd i arbeidet mot rasisme og alle andre former for ekskludering frå fellesskapet. Prisen styrkar våre høve til å jobbe målretta vidare med eit sterkt inkluderingsarbeid, både innanfor og utanfor skulens ordinære rammer, seier rektor Ramberg vidare.

Elevar som aktive pådrivarar

Guri Hjeltnes, direktør ved HL-senteret. Foto: HL-senteret

Skulen involverer elevane gjennom såkalla ”empowerment” – myndiggjering – for å la eleven sjølv bruke eigne ressursar best og mest mogleg. Dei har ein årleg temadag der elevane sjølv står for val av tema og abreider utan lærarane tilstades.

Hausten 2019 var temaa «kvardagsrasisme» og «korleis takle personlege utfordringar». I 2020 valde elevane tema «Treng eg å bry meg» med to undertema: «Rasisme» og «Kjønnsidentitet/seksualitet».

– Det er inspirerande korleis Glemmen videregående skole arbeider for å skape ein arena for elevane sitt engasjement mot rasisme og diskriminering både i og utanfor skuletiden – eit viktig arbeid i tråd med Benjaminprisens and, seier Guri Hjeltnes, juryleder for Benjaminprisen og direktør ved HL-senteret, i pressemeldinga.

Juryen skryt også over at arbeidet mot rasisme er systematisk forankra hos dei tilsette ved skulen.

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby kjem til Glemmen videregående skole, tysdag 2. februar 2021 for å overrekke Benjaminprisen for 2020 i ein seremoni på skulen.

Ana Maria Jimenez og Eivind Lotsberg

Ana Maria Jimenez og Eivind Lotsberg er begge i elevrådsstyret på Kuben vidaregåande. Foto: Beate Haugtrø

Benjaminprisen

  • Benjaminprisen vert kvart år delt ut til ein barne-, ungdoms- eller vidaregåande skule som utmerkar seg for sitt arbeid mot rasisme og diskriminering.
  • Prisen er oppkalla etter Benjamin Hermansen som vart drepen av nynazistar då han var 15 år gamal, i januar 2001.
  • Juryen består av representantar frå Utdanningsforbundet, Likestillings- og diskrimineringsombudet, Antirasistisk senter, Foreldreutvalget for grunnopplæringen, Elevorganisasjonen og Sametinget.
  • HL-senteret (Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter) er juryleiar og holdersekretariatet for Benjaminprisen.