Eg – eit friluftsmenneske


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kvifor natur?

Min briljante plan var klar – eg skulle verte eit ekte friluftsmenneske, og læra meg å lika natur. Men kvifor? Her kjem litt bakgrunnshistorie:

Eg har vakse opp med å stå på langrenn, og med natur rett utanfor døra har det blitt mange timar på fjelltoppane. Då eg vart litt eldre vart det lett å velja vekk naturen til fordel for turar til byen og andre «kjekkare» ting.

Eg kan ikkje hugsa at naturen har gjeve meg ro nokon sinne, berre pust og pes og irritasjon

No verkar det som om alle eg kjenner har snudd om, og elskar å vera ute. «Naturen gjev meg ro,» sa ei venninne til meg. Eg kan ikkje hugsa at naturen har gjeve meg ro nokon sinne, berre pust og pes og irritasjon, men eg har byrja å kjenna meg litt utanfor.

Eg mimrar tilbake til den gongen eg skulle gå ein fjelltur med nokre venar, og byrja å grine to gonger før turen hadde byrja. Slik kan eg jo ikkje halda på!

Treningsmotivasjon

Sjølve treningsaspektet med naturen byrja også å virka appellerande. Etter ein periode med heimeskule og heimekontor har det nok for mange, inkludert meg, blitt mykje stillesitting. Samstundes er jo mosjon viktig, og etter å ha innsett at eg hatar jogging som pesten, bestemte eg meg for å ta grep. Ein kan jo faktisk verte ganske sporty av å vera ute i naturen!

Sjølv om eg hadde alle desse gode grunnane til å byrja å vera meir ute, var dørstokkmila lang og motivasjonen vanskeleg å finna. Sjølv etter eg gav beskjed til sjefen om planen min (vinn-vinn!), gjekk det nesten tre veker før eg i det heile tatt kom meg ut. Sorry for det, Svein Olav.

No skal dykk få høyra korleis det gjekk.

Om lag så bratt var toppen eg gjekk opp.

Kva eg gjorde

For å byrja min nye turkarriere på ein god måte, måtte eg i alle fall gjera noko eg likte. Difor bestemte eg meg for å gå på topptur, altså gå på ski opp eit fjell for så å renna nedover slalåm-style.

Dette trudde eg at kom til å vera perfekt for meg, fordi eg elskar å stå på slalåm. Meir spesifikt, så elskar eg å stå på slalåm i nyoppkjørte skitrekk med heis heile vegen opp til toppen. Altså, eit supert utgangspunkt for topptur, som inneheldt mykje pes og strev før du får ein fin, men altfor kort tur ned att.

Eg forsøkjer å aldri gjera noko halvveis, og min nye turkarriere var ikkje noko unntak.

Topptur, så vidt eg har forstått, inneber at ein brukar randoneeski. Så dette måtte eg sjølvsagd ha. Her tykkjer eg det passar meg ei åtvaring – ikkje bruk mykje unødvendige pengar på noko du ikkje heilt veit om du likar/treng. Uansett, me går vidare.

Gleden kom etter kvart, altså på veg heim att.

Så der var eg med nye ski, klar for å elska natur. Deretter tok eg, som aldri før hadde gått på topptur, ut heilt åleine.

Det var ikkje heilt utruleg mykje snø på toppane, og i det eg gjekk ut på tur var eg heller ikkje noko fan av lange turar i bratt oppoverbakke, noko topptur inneber.

Dette fjellet verka som ein vekeslang ekspedisjon, så eg hoppa galant over den turen.

Difor gjekk eg opp ein liten bakke, og så rant eg ned igjen. Og det var eigentleg heile toppturen. Sjukt antiklimaks, eg veit.

Det var ikkje akkurat noko Nikolai Schirmer-stemning, men det fekk duge. Eg fekk tatt nokre fine bilete til Instagram, men følte meg heilt ærleg ikkje veldig som eit friluftsmenneske.

I forkant av turen var backup-planen klar – dersom eg ikkje likte å gå på slike turar kunne eg berre bruka dei nye skia i skitrekket.

Null pes, tenkte eg, men her har eg derimot støtt på eit lite problem. Etter å ha brukt litt_for_mykje pengar på ski, fristar det ikkje lenger så mykje å punga ut fleire tusen kroner på sesongkort i skitrekket.

Altså – topptur må det bli, dersom eg i det heile tatt ynskjer å stå på slalåm denne vinteren. Hittil har det for så vidt blitt med den eine turen, men uansett er eg eitt steg nærmare å bli eit friluftsmenneske.

LES OGSÅ: Skal du ut på tur? Her er 10 gode turappar

Hadde det vore litt meir snø her, hadde eg definitivt gått på det fjellet. Lovar.

Kva sit eg att med?

Alt i alt tykkjer eg at natur eigentleg er ganske greit, når ein gjer det på sin eigen måte.

Når ein slepp å halde følge med tilsynelatande topptrente idrettsutøvarar, og heller kan gå og daffa i eige tempo, kan det faktisk vere fint.

Ein treng heller ikkje masse nytt utstyr – ta på deg nokre sko og gå ut i naturen, så har du sikkert allereie kome lengre på veg enn eg har, med heilt nye ski.

Sjølv om toppturen min ikkje er noko å skryta av, hadde eg det ganske hyggeleg! Kanskje vert det meir friluftsliv i år?


LES OGSÅ: Mina (20) og Guro (21) har gått 200 kilometer over Finnmarksvidda

Den siste selfien før Mina Karlstrøm (t.v.) og Guro Krempig forlet fjellheimen. Foto: Privat