10 gode turappar

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skal du på tur? Her er 10 gode turappar

Sommaren er høgsesong for friluftsliv. Mobilen kan vere eit nyttig, kjekt og lærerikt tilskot til turen. Ein skal berre hugse at om mobilen døyr, er det lite nytte av han. Ta alltid med deg godt vett på tur, er beskjeden frå Norsk Friluftsliv.

Finn turar og turmål

– UT.no: Turplanleggjaren frå DNT. Her finn du over 12.000 turforslag og 1.200 hytter over heile landet.

– GodTur: Ein turportal som har kart og turforslag frå heile landet. Her finn du òg ei oversikt over gapahukar, badeplassar, opne hytter og rasteplassar.

Sjekk vêr og vatn

– Pent.no: Sjekk vêret! I denne appen finn du vêrmeldinga både frå Storm og Yr.

– Dukkert: Om du vil vite badetemperaturen før du hiv deg uti, kan du sjekke i denne appen. Ein kan òg få idear til nye badeplassar ein kan legge turen til.

Sanking og fiske

– Digital soppkontroll: Om du vil prøve deg ut på sopptur, men ikkje er heilt stø på alle soppsortar, kan denne appen vere til hjelp. Her kan du laste opp bilete av sopp du finn på tur, så går soppkyndige gjennom bileta og fortel om det er matsopp. Du finn òg informasjon om næraste soppkontroll, oversikt over soppartar og råd for soppturen.

– NJFF: Her finn du informasjon om dei mest populære fiskeartane, både i saltvatn og ferskvatn og tips til kva dei bit på.

Kjekt for alle

– Stolpejakta: Ein enkel måte å kome seg ut i naturen på. Målet er å finne stolpane som er plasserte ut i nærmiljøet, og registrere dei i appen.

– Viltappen: Her får du informasjon om dei aller fleste dyr du kan kome til å sjå, høyre eller finne spor av i naturen.

– What Bird: Om du er ute på tur og høyrer ein fugl, kan denne appen vere til hjelp med å seie kva fugl det er. Appen tar opp lyd og gir eit forslag til kva fugl det kan vere.

Trøbbel?

– Hjelp 113: Appen alle bør ha. Om ein først er uheldig, er denne appen til stor hjelp. Gjennom appen kan ein ringe naudsentralen, og appen delar automatisk koordinata du er på. Appen har òg ei oversikt over plassering og informasjon om hjartestartarar i Noreg.

Lista med appar er laga av organisasjonen Norsk Friluftsliv.

Treng du tips til kvar du skal gå? Her er DNT Ung-leiaren sine beste sommarturtips.

DNT ung-leiar Markus Malmin (i midten) var langt frå den einaste som slo følgje med friluftshelt Lars Monsen då DNT og NRK i fjor arrangerte langtur i høve 150 årsjubileet til Den norske turistforening. Foto: Marius Dalseg Sætre/DNT