«Verda er avhengig av deg, og at du held motet oppe»

Erle Kristin Bakken
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksten var med i finalen i skrivekonkurransen til Framtida.no, Falturiltu og Magasinett i konkurranse med over 200 andre ungdommar over heile landet.

Kva gjer ein når tusenvis av andre menneskje vil akkurat det same som deg?

Du er ikkje den einaste som vil tene en million i selskapet ditt.

Du er ikkje den einaste som vil bli president.

Du er ikkje den einaste som vil det du vil.

Kva gjer ein på dei dagane kor alt er mørkt?

Kva gjer ein når ein møter veggen og vil gi opp?

Det er her det er heilt avgjerande om du vel å håpe.

Håp er å tru at det vil skje, når det ikkje finst nokon teikn til det. Håp er å tru på draumen din når ingen andre gjer det. Håp er å sitje i midten av ein storm, og kunne lukke auga og sjå for seg dei solfylte dagane. Håp er å ta det første steget, sjølv når ein ikkje ser stien framfor seg. Det å kunne stole på at stien vil vise seg, viss ein berre fortsett framover.

Vi er alle døyande. Det handlar berre om kva vi vel å gjere medan vi leve. Nelson Mandela sa at det finst ingen lidenskap i å leve lite, å velje eit liv som er meir minimalt enn det du er i stand til å leve.

Det som avgrensar oss, er at vi er redde for å feile.

Vi er redde for å leggje hjartet og sjela vår inn i noko som kanskje ville vore forgjeves. Vi er redde for å feile, fordi vi er redde for å skuffe oss sjølve.

Men vi skuffar ganske mange fleire enn oss sjølv viss vi ikkje eingong prøver.

Ikkje ver redd for å feile stort. For å drøyme stort. For ikkje gløym at draumar utan mål berre er draumar.

Aldri stopp å kjempe for det som er rett, sjølv når det verkar håplaust

Det hender forferdelege handlingar overalt i verda, og det er lett å bli oppslukt av det vonde.

Men det finst så utruleg mange menneske som er avhengig av at du ikkje mister håpet.

Amazonas treng deg, BLM-rørsla treng deg. Libya, Syria og Afghanistan treng deg.

Verda er avhengig av deg, og at du held motet oppe. Aldri stopp å kjempe for det som er rett, sjølv når det verkar håplaust.

Thomas Edison feila 1000 gonger med eksperimenta sine. Men det veit ingen. For forsøk nummer 1001 er det vi hugsar han for.

Kvart einaste feilande eksperiment er eit steg nærare suksess. Ta risikoar. For utan dei har du ikkje sjans til å sjå lyset.

Eg står opp klokka fem kvar dag, og drar rett til treningssenteret. Eg trer på meg refleksvesten og syklar ned i mørket, medan heile verda søv. Og der inne finn eg håp for dagen. Håpet ligg i prosessen. Eg ser framgang, og eg veit at alt er mogleg viss eg jobbar hardt nok. Det håpet tar eg med meg resten av dagen, og i alle utfordringar eg møter.

Mitt håp for framtida er at alle trur på seg sjølv, for saman kan vi endre verda. Alt vil gå bra til slutt, og viss det ikkje går bra, så er det ikkje slutten.


Les også vinnarinnlegget i skrivekonkurransen av Fatemeh (16): «Eg hadde aldri håpt så djupt frå hjartet, og aldri kryssa fingrane så hardt»

Illustrasjonsfoto: Lina Trochez/Unsplash. Innfelt: Fatemeh Adili/Privat.