Slik feirar du ei smittevenleg jul

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 21.12.2020 08:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om ein først skal ha juleselskap, så er den nasjonale regelen:

  •  Du kan invitere inntil ti personar utover dei du bur saman med to dagar i jula, gitt at de klarar halde ein meter avstand til kvarandre.

Det betyr ikkje at de kan ha julefest i tur og orden, og at du ein dag er med Berit og hennar åtte andre gjester, så med Geir og hans gjester og så har du sjølv fest. Bruk sunt folkevet!

Men ein treng ikkje treffast fysisk for å ha det triveleg i jula! No er vi vorte ganske rutinerte på ein digital kvardag, og å vere litt kreative for å få fylt den sosiale kvota.

Her får du eit knippe forslag til korleis du kan feire ei smittevenleg jul, men samstundes ha høg hygge-faktor.

Zoom-julebord

Om du har gjeve avkall på julebord med jobben eller vennegjengen i år, grunna smittevernomsyn, så kan du alltids flytte matlauget digitalt.

Avtal eit tidspunkt for julebordet, lag ei felles handleliste, gjer storinnkjøp, og så kan de alle pratast på Zoom medan de steiker sprø skorpe på svinneribba eller mosar den perfekte kålrabistappa.

Zoom-juelbord: Dekk på til deg sjølv, så gjer dei andre julebordgjestene det same. Foto: Libby Penner

Når maten er klar, kan de setje dykk framfor datamaskina og ete saman! Det er faktisk ganske triveleg.

Protip: Er du ikkje driven på kjøkenet, så pass på å invitere med kompisen som er ein gryande Masterchef, så får du nokre tips så du ikkje svir fettet frå pinnekjøtet.

Konkurranse: Beste peparkakehuset

Kva med å invitere til ein uhøgtideleg (eller høgtideleg, alt etter kor sterkt konkurranseinstinkt du har) liten peparkakekonkurranse?

De kan anten konkurrere om å lage det finaste peparkakehuset eller prøve dykk på å lage peparkakekjendisar!

Kva med å konkurrere i peparkakehus, sidan ein ikkje kan samlast for å bake? Illustrasjonsfoto: Erica Marsland Huynh

Om de legg lista lågt, kan det vere om og gjere å lage finaste peparkakehuset ut frå ferdigpakkane der berre montering- og pyntejobben gjenstår. Dersom de er ambisiøse, så kan de skrive ut malar frå nett eller vere litt hobby-arkitektar sjølv, lage peparkakene frå botnen av, og sjå kven som imponerer mest.

Eventuelt kan de gå for kjendisvarianten: Kven får til å lage beste Espen Nakstad-peparkaka?

Send bilete av peperkakene til kvarandre! Få vennane dine på Instagram til å stemme over kven som går sigrande ut av konkurransen.

Smakstest: Julebrus og julegodt

Det evige spørsmålet: Er raud eller brun julebrus den rette julebrusen?

Ei sosialt distansert jul er det perfekte tidspunktet til å ta ein skikkeleg gjennomgang. Inviter vennane dine til å smaksteste ulike typar julebrus, diskutere litt på Zoom om kor rund smakane er og kor vidt det er ein liten ettersmak av sjampanebrus ein kjenner.

Illustrasjonsfoto: Meny

Her bør ein gå grundig til verks, lage eigne skjema med kategoriar som fylde og kolsyre, og gje poengsum ut av 100.

Om julebrus ikkje er heilt di greie, så kan ein også ha smakspanel på Zoom om julegodt-favorittane eller juleøl!

⁉ Quizmeisterskap

Du kan invitere vennegjengen til quiz-maraton! Framtida.no har eit tilsynelatande endelaust quizkvelv, og kvifor ikkje setje av ein kveld til digital quizzing?

Ta på deg rolla som quiz-vert, opprett skjema der deltakarane skal fylle inn svara sine og når quizen er over, så sender dei svara til deg.

Du kan til dømes sjekke kor god kontroll dei har på tekstane til kjende julesongar? Kan dei Flåklypa-sitata?

Eller du kan sjekke allmennkunnskapen innan samfunnsfag, geografi, historie og norsk idrett?

Om du ikkje finn dei rette quizane på Framtida.no (så har du ikkje leita godt nok), så kan du lage di eigen quiz!

Sosialt distansert julebukk

Kven bryr seg eigentleg om halloween, når ein kan gå julebukk?! Kle deg ut som julebukk, og gå deg ei vend for å ynskje god jul til folk på avstand!

Du får litt koseleg tidsfordriv i jula, samstundes som du gler nokon som kanskje ikkje har så mange andre som ynskjer dei god jul.

Om du er musikalsk av deg, så kan du jo bjuda på ein liten juletrall, men hugs: Då lyt du halde endå meir avstand.

Brenn bål

Ein kan framleis treffast ute i den frie natur, men (gjenta etter meg): MED EIN METER AVSTAND.

Det er få ting som er så triveleg som å samlast rundt eit bål om det er kaldt i lufta. Ein kan grille pølser, ta med gløgg, og ein ekstern høgtalar for å blaste nokre nostalgiske klassikarar, som Petter Northug sin julelåt.

Illustrasjonsfoto: Joshua Newton, Unsplash.com

Julefilm-maraton

Sjølv om ein ikkje er i same hus, så kan ein sjå film saman! Hjå Netflix er det faktisk mogeleg å synkronisere avspelingane. Då kan de saman sjå juleklassikarar som Home Alone, Love ActuallyThe Holiday og Die Hard, og julestemninga er sikra.

Den stjernespekka, norske julefilmen «Gledelig jul» kan beskrivast som ei blanding av «Love Actually» og «Hjelp det er jul». Foto: Nordisk Film Distribution