Julefilm-regissør: – Treng film og røyndomsflukt meir enn nokosinne

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regissøren Henrik Martin Dahlsbakken står bak årets store filmoverrasking. – Eg vil at det skal vere hjarte og varme i ein julefilm, ikkje berre tant og fjas, seier han.

«Gledelig jul» heiter den nye norske julefilmen som er proppfull av norske kjentfolk frå både film og sceneliv – og som har med Erlend Loe på manussida.

Eidsvåg som svigerfar

Linn Skåber dukkar opp som bass-spelande prest, medan Bjørn Eidsvåg gjer entré som far til svigerdottera.

Bjørn Eidsvåg som far til svigerdottera i kinoklare «Gledelig jul». Her les han juleevangeliet. – Eg vil gjerne at det skal vere hjarte og varme i ein julefilm, ikkje berre tant og fjas, seier regissør Henrik Martin Dahlsbakken til NTB. Foto: Nordisk Film Distribusjon

Iben Akerlie spelar kjærleiksforvirra dotter, og vi får ein uforgløymeleg duett, framført av Anne Marit Jacobsen og Ingar Gimle. Otto Jespersen, Nils Jørgen Kaalstad, og Ellen Dorrit Petersen har òg store roller i filmen som stundom sender tankane til «Love Actually» – medan vi andre gonger føler oss heilt i «Hjelp, det er juleferie!»-land.

– Det starta med Anne Marit Jacobsen, vi visste tidleg at vi ville ha henne med som matriarken Annemor. Så fekk vi den eine etter den andre på ønskelista på plass i rollene, så ja, det har vorte ein riktig stjernespekka film, seier Dahlsbakken – som meiner han har laga ein film om familierelasjonar – på godt og vondt.

Anne Marit Jacobsen spelar matriarken Annemor som føler sterkt for å samle familien til jul. Foto: Norsk Film Distribusjon

Familie på godt og vondt

Filmen, som får premiere 6. november, handlar om Annemor og Frank som vil samle heile familien til felles julefeiring for første gong på ti år. Ein familieløyndom, dysfunksjonelle parforhold, ein glutenallergisk hund og ein einsam nabo er blant ingrediensane.

– Filmen forandra seg undervegs. Den var nok meir heilsprø i starten, med mykje humor og slapstick. Men så tilførte vi meir og meir varme, eg meiner bestemt at det er i alvoret og sårbarheita du verkeleg treffer publikum, seier regissøren. Som synest filmen hans kan samanliknast med begge dei to ovannemnde juleklassikarane.

Regissør Henrik Martin Dahlsbakken (ståande) står bak den store filmoverraskinga, «Gledelig jul». No kryssar han fingrane for at kinoane får fortsette å halde ope fram mot jul. Foto: Lars Olav Dybvig

– Ein god dose Chevy Chase-humor har vi absolutt med, dette med den dysfunksjonelle familien er eit premiss filmen byggjer på. Men så har du desse romantiske og mellommenneskelege aspekta som gjer at du kanskje tenkjer meir på «Love Actually», utdjupar han. Og legg til:

– Filmen handlar om å setje pris på dei uperfekte relasjonane. Ingen familie er perfekt, familie er nesten alltid på godt og vondt. Men i desse tidene, der ein helst berre skal omgåast sin eigen flokk, er det ekstra viktig å vere litt raus og sjå litt stort på det.

– Og så tenkjer eg på dei som ikkje har sin eigen vesle flokk. For enkelte har livet vorte veldig vanskeleg og einsamt. Einsemd og lengsel etter fellesskap er absolutt noko denne filmen tek opp i seg.

Uføreseieleg tid

Kommunikasjonen går ikkje akkurat saumlaust på garden til Annemor og Frank når både son og dotter kjem heim. Sonen har med seg to barn og ein motvillig ektefelle, og då meiner vi motvillig på alle vis. Dottera til Annemor og Frank har på si side vorte saman med ein svensk fitness-trenar, ein karakter som sørgjer for mange komiske augneblinkar utover i filmen.

– Håpet mitt er at når ein forlèt kinosalen, så har ein fått humre litt – og ein har fått julestemning. Dette er ein snill film som heile familien kan sjå saman, held regissøren fram. Som trur mange vil synast det er litt godt å sjå Frank og Annemors attkjennande strev med å få til den gode familiejula.

Frå venstre: Marie Blokhus, Tarjei Sandvik Moe, Iben Akerlie, Nils Jørgen Kaalstad, Otto Jespersen, Ingar Helge Gimle, Alma Günther, Ellen Dorrit Petersen, Hege Schøyen, Bjørn Eidsvåg og Anne Marit Jacobsen lagar julestemning i Henrik Martin Dahlsbakkens nye film, «Gledelig jul». Foto. Nordisk Film Distribusjon

– Den perfekte jula finst jo ikkje. Det er ein viktig bodskap, også no som ting er ekstra uperfekt. Vi veit ikkje eingong kor mange vi kan samle rundt bordet denne jula.

Dahlsbakken medgir at han kjenner på både spenning og uro når han sjøset ein film idet nye koronatiltak skal innførast.

– Vi kryssar fingrane for at kinoane får vere opne. Med dei gode smitteverntiltaka vi har, så er kinosalen veldig trygg. Og så må vi filmskaparar gjere vårt og sørgje for at kinoane har filmar å tilby. Det er mykje som er uføreseieleg, og då treng vi film og røyndomsflukt meir enn nokosinne.


16 år gamle Greta Thunberg på den 15 dagar lange seglturen frå Europa til New York, som er ei viktig ramme rundt filmen. Foto: HULU