«Eg les ikkje bøker. Eg er nok ei skikkeleg yrkesfagjente»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Spørsmålet kom frå sidemannen min, då me var ute for å eta middag ein kveld i vår. Me var i Sogn og Fjordane på skuleturné, for å snakka om lesing og skriving, og var ferdige med dagens oppdrag. Ole Ivar, som eg var på turne med, tok likevel ikkje fri. Han jobbar med å spreia leseglede, og ville altså vita om ho som serverte oss likar å lesa.

For å vera heilt ærleg, blei eg litt overraska over det frimodige spørsmålet. Rett nok hadde me alt snakka ein del med servitøren, men då hadde det handla om fisk og fordommar, vin og øl. Og så, ut av det blå, kom dette spørsmålet om lesing.

Men skikkeleg sett ut blei eg først då eg høyrde svaret.

– Nei, eg les ikkje bøker, sa servitøren. – Eg er nok ei skikkeleg yrkesfagjente.

I det same kjende eg korleis den indre kverulanten i meg vakna til live.

– Eg jobbar med å skriva bøker, og er her for å lesa for sjuandeklassingane i kommunen, sa eg. – Og eg er utdanna kokk.

Det gjorde ikkje heilt det inntrykket eg hadde håpa på. Svaret kom rimeleg kontant.

– Eg er vel ikkje skikkeleg vaksen enno, eg då, svara servitøren og forsvann bak disken igjen.

Dermed var den samtalen slutt.

Men eg klarte ikkje heilt å sleppa tanken på det ho hadde sagt. Kan liksom ikkje servitørar lesa bøker? Og kva med alle tømrarane, mekanikarane og helsefagarbeidarane? Har dei nok med å høyra på P4 medan dei blar i dei glansa magasina sine, med store bilete og lite tekst? Er dei rett og slett for dumme til å lesa skikkelege bøker?

Sjølv er eg utdanna kokk, og elskar bøker. Eg elskar å lesa og eg elskar å skriva.

Som journalist skriv eg strengt tatt fordi eg får ein nokolunde akseptabel sum pengar inn på kontoen kvar månad, men som forfattar skriv eg for lesarane. Målet er at det eg skriv skal bli lese av heilt vanlege menneske som kan la seg inspirera, fascinera, smila, fortvila og kanskje grina ein skvett.

Sjølv om det er umåteleg stas når bokmeldarane likar det eg skriv, er det ikkje først og fremst dei eg skriv for. Heller ikkje andre forfattarar, eller bibliotekarar og lærarar. Forstå meg rett: Eg skriv også for desse, men det er ikkje der eg legg inn innsatsen.

Noko av det eg bruker mest tid på når eg skriv, er å gjera tekstane lette. Ikkje innhaldet, men sjølve teksten. At ein tekst både kan lesast av superlesarane og dei som knapt har lese ei bok før, har ein eigenverdi.

Eg går berre ikkje med på at dei som slit med lange setningar skal måtta nøya seg med enkelt innhald og simple plott. Det er ikkje sånn at det finst menneske som er for dumme til å lesa bøker. På ingen måte.

Om du likevel er heilt overbevist om at du er litt meir enn sånn passe dum, må du i alle fall lesa. Då blir du nemleg litt smartare. Det seier Ole Ivar.

LES OGSÅ: Jenter bruker meir tid på utsjånaden sin enn lekser og lesing

Teksten er ein omarbeidd versjon av ein tekst som blei skrive til Foreningen Les! i høve 20-årsjubileet deira.

SKRIVEKONKURRANSE FOR UNGDOM: Kva kan skjønnlitteraturen gje oss?