Unge meir interesserte i bøker

I aldersgruppa 18–35 år er det flest som oppgir at dei har ei auka interesse av å lese ei bok i sommar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje ei ny spørjeundersøking aktar 8 av 10 nordmenn å lese ei fysisk bok i sommar.

Det er nettbokhandelen Libris som står bak undersøkinga, og har fått Kantar Sifo til å ta for seg bokplanane til tusen nordmenn i koronasommaren.

Det går i romanar og krim, og ikkje uventa opplyser flest kvinner – 85 prosent – at dei har lese eller kjem til å lese ei bok i sommar. Blant mennene som er spurde, svarer 67 prosent bekreftande til leseplanane.

Illustrasjonsfoto: Artem Beliaikin, Unsplash.com

Meir tid til lesing

Over ein firedel – 27 prosent – svarte at dei kjem til å lese fleire bøker i sommar, og årsaka er at eit fleirtal av dei spurde rett og slett har meir tid til å lese. 55 prosent av dei spurde svarte nemleg at det var årsaka, medan 28 prosent var lei av skjermtitting.

Og vi les for å underhaldast (32 prosent) og dernest for å kople vekk kvardagen (26 prosent)

Delen av dei som kjem til å lese fleire bøker i sommar viste seg ifølgje undersøkinga å vere størst utanfor storbyområda.

Mange unge lesarar

Det er særleg yngre lesarar som kjem til: Det er i aldersgruppa 18–35 år der flest oppgir at dei har ei auka interesse av å lese ei bok i sommar. Dette ser ein òg i Sverige og Finland, der tilsvarande spørjeundersøking er gjort.

– Det er gledeleg å sjå at interessa for den fysiske boka er så stor. Det som først og fremst skil seg ut i denne undersøkinga er at 18 – 35-åringane har ei auka interesse for å lese ei bok. Det er veldig gøy og vi håpar at den trenden skal halde fram, seier Jonas Karlén, administrerande direktør for Adlibris om undersøkinga, som vart gjord første veka av juli.

Martine Næss Johansen (30) si nyaste bok handlar om ein road trip i Trumps USA. Her er ho i framgrunnen av eit utsnitt bokomslaget. Foto: Henning Gulli. Montasje: Framtida