Då eg var 20: Ane Barmen skamma seg over forfattardraumen

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg drøymde stort og var nok ganske ambisiøs, men prøvde å undertrykke dei kjenslene og heller rette meg mot meir praktiske og jordnære yrke, seier Ane Barmen.

Den 36 år gamle skribenten, forfattaren og skodespelaren har visst nesten heile livet at ho ville gjere noko unikt, noko som var gøy for ho å gjere.

– Det var berre folk utan bakkekontakt som drøymde om sånt. Heldigvis kom eg på betre tankar og tok sjansen på å prøve seinare. Eg hadde angra resten av livet om eg ikkje hadde gjort det.

Ane Barmen studerte kunsthistorie og drakk øl med naboane. Foto: Privat

Skulka mykje og sov lenge

– Kven var den viktigaste personen for deg når du var 20?

– Det var kanskje kjærasten min, som eg no er gift med. Alt var veldig nytt og spennande me hadde akkurat blitt sambuarar.

– Kor var du då du var 20?

– I ei roten, iskald leilegheit i ein bygard i Bergen sentrum. Eg har aldri frose så mykje i heile mitt liv som dei to åra me budde der. Men bestevenninna mi og kjærasten hennar budde vegg i vegg og vi sprang inn og ut hos kvarandre og drakk øl og fyrte i peisen deira.

– Korleis var kvardagen?

– Eg studerte kunsthistorie ved universitetet og tykte det var sånn passe kjekt. Det var ein merkeleg overgang å studere, og skulle halde meg sjølv i gong etter vidaregåande og folkehøgskulen. Eg skulka mykje og sov lenge, rusa på fridommen og drøymande om å gjere noko meir kreativt enn å sitje på førelesingar.

Thaiar og turistar tenner lys for dei omkomne og sakna etter tsunamien som råka Thailand andre juledag 2004. (AP Photo/Apichart Weerawong)

Tsunamien som tok jula

– Noko spesielt som skjedde det året?

– Eg hugsar tsunamien i Thailand i jula det året, 2004. Det blei ei stille og trist jul.

– Kva las/såg/høyrde du på?

– Eg hugsar eg las «Markens grøde» av Hamsun og blei lamslått av kor fantastisk den er.

– Eg fekk for fyrste gong fleire kanalar enn NRK, så på den skurrete TV-en vår slukte eg alt av interiør- og oppussingsprogram på TVNorge, i tillegg til verdas verste kristenfundamentalistiske såpeserie, 7th heaven på TV 2. Grøss. Av musikk gjekk det i Bertine Zetlitz, Radka Toneff og Chet Baker.

Kråkevik-hår på kostymefest

– Hugsar du korleis du feira 20-årsdagen din?

– Med kostymefest! Eg var kledd ut som alv med hår eg prøvde å få til å sjå ut som Herborg Kråkevik sitt. Kjærasten var sjørøvar, og gjekk med på å gå med ein damebluse eg kjøpte på Fretex og sydde rysjer på. Det seier at han var ein å halde fast i allereie då.

–  Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

– Eg trur det må vere det å gå frå å ha eit avstandsforhold til plutseleg å skulle vere sambuar. Det var ein stor overgang, og herregud, kor vi krangla om oppvasken.

«Noko med musikk eller drama»

– Visste du kva du ville bli vidare?

– Eg visste at eg ville bli skodespelar og forfattar, men skamma meg over å vere så urealistisk, så når folk spurde mumla eg «noko med musikk eller drama». Eg prøvde iherdig å finne noko anna å interessere meg for, men det fungerte dårleg. Nokre år etterpå vende eg nasen mot Oslo og musikkstudium og fann etterkvart endeleg mi hylle – som skodespelar og skribent.

Ane Barmen ville rådd seg sjølv til å la pinsetten vera og stola på seg sjølv. Foto: Privat

Slepp pinsetten, stol på deg sjølv!

– Kva ville du tenkt om du møtte deg sjølv som 20-åring?

«Herregud, jente, slepp den pinsetten og la bryna vere!»

– Kva råd ville du gitt deg sjølv som 20-åring?

– Stol på deg sjølv! Den magekjensla kan du trygt følge. Ho blir din beste ven seinare. Og ikkje ver så bekymra for kva folk tenker om deg. Folk flest er mest opptekne av seg sjølv uansett.

 


Ane Barmen debuterte hausten 2019 med ungdomsboka «Draumar betyr ingenting». Foto: Bente Kjøllesdal