Teknologien har gjort oss ufrie, meiner forfattar. No manar ho til «digital revolusjon»

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 04.01.2021 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi er vane med å tenkja på fridom som høvet til å handla som vi vil utan ytre innblanding. Vi er frie til å bruka dagane våre på Facebook og Youtube, og til å ramla hovudstups ned i det eine kaninhòlet etter det andre. Eller til å ta oss arbeid i den nye, laust organiserte «gig-økonomien», utan at det eigentleg råkar fridomen vår på noko vis.

Vi kan jo når som helst finna oss noko anna å driva med. Men er det så enkelt?

«Digital revolusjon» er forfatta av Hilde Nagell. Ho har ein doktorgrad i statsvitskap, og har arbeidd mykje med politisk filosofi.

– Den klassiske, liberale forståinga av fridom er som fråvær av tvang. Og det er det. Men det er ikkje heile historia med fridom, meiner forfattar Hilde Nagell.

Det som går tapt i denne forklaringa er strukturar og makt, hevdar ho. Når vi som enkeltindivid står i møte med digitale kolossar som Facebook og Google, er det ikkje sikkert at ei ulest samtykkeerklæring er nok for å verna fridomen vår.

– Her ligg ein enorm informasjonsulikskap, for selskapa veit meir om deg enn du gjer, og i det ligg potensiell maktmisbruk. Vi har liten moglegheit til å spørje, ettergå og få informasjon, seier Nagell.

– Ei form for avmakt

– Du har bakgrunn frå statsvitskap og politisk filosofi. Kva fekk deg til å skriva ei bok om teknologi?

– Eg plar seie at det var ein del kvardagslege ting som var vanskelege å forstå utan å forstå det digitale. Men eg har også lyst til å seie at det handlar om ei form for avmakt, om noko du ikkje kan kontrollere. Det er lett å tenke på teknologi som noko som berre skjer deg. Eg har tru på at politikken kan forme teknologiutviklinga, og ville utforske måtar ein kan ta tilbake den makta vi har gitt frå oss i bytte mot brukarvennlege, behagelege tenester.

– Og kanskje også for å vekke folk litt, legg ho til.

– Vi må starte med våre eigne behov i mykje større grad. Kva oppgåver ønskjer vi at teknologien skal løyse?

Digital føydalisme

– I boka di viser du til historikar Yuval Noah Harari, som meiner framveksten av store teknologiselskap har gitt opphav til eit «digitalt diktatur». Er du einig med Harari her?

– Eg trur det er riktig å samanlikne med eit slags føydalsamfunn. Det har gitt ei personleg makt til dei som sit sentralt i desse store selskapa som er ganske total til tider. Eg trur òg det blir rett å sjå det som eit slags leiglendingssystem fordi ein nærast låner jorda, pløyer marka og får veldig lite profitt tilbake, mens dei som tener på dette er eigarane av plattformen, som får rentene av at vi gjer jobben.

Yuval Noah Harari har åtvara mot at den teknologiske utviklinga kan gjera det enklare for diktatur å halda på makta, og at den legg opp til maktkonsentrasjon. Her på TEDGlobal London. Foto: James Duncan Davidson/TED/Flickr

– Du skriv at vi må gjera kravet om medråde i teknologiutviklinga til folkets sak, og bli borgarar i eit digitalt samfunn heller enn kundar i ein digital marknad. Kva inneber det?

– Mange nye digitale tenester er fantastiske: Dei gjer kvardagen vår enklare og er gode frå eit reint forbrukarperspektiv. Men spørsmåla vi ikkje har stilt er: Korleis er arbeidsvilkåra til dei som køyrer pizza heim til meg, eller dei som står på Amazon-lageret? Er det avgjerder som handlar om demokratiets verkemåte, som no blir tatt av store, digitale selskap?

For å skapa endring må vi forandra måten vi ser på vår eiga rolle, ifølgje Nagell. Det betyr å sjå oss sjølv som «databorgarar» heller enn passive mottakarar av digitale tenester.

– Når ein tar på seg rolla som databorgar dukkar det brått opp heilt andre spørsmål enn om ei teneste er effektiv og god for meg som forbrukar.

Revolusjonen er ingen detox

Så, korleis får ein fart på denne digitale revolusjonen i praksis? Nagell har lite tru på at individuell boikott, slik som å melda seg ut av Facebook, er vegen å gå. Ser vi på dette som eit problem hos den enkelte «skjermslave», fryktar ho at vi legg ansvaret på feil stad.

– I beste fall kan det å logga av bli eit såpass sterkt kollektivt verkemiddel at det endrar noko. Eg har tru på å organisera interessene sine rundt nokre krav. Men det er noko anna enn å sjå på dette som eit detox-problem. Ser ein på dette som avrusing, så er det blitt ditt problem – ikkje eit strukturelt problem. Og det er å gi opp litt. Svaret må vera noko anna enn det, slik som å saman ta tilbake demokratisk makt.

Ser ein på dette som avrusing, så er det blitt ditt problem – ikkje eit strukturelt problem

«Digital detox» er dessutan ikkje for alle, for somme er meir avhengige av digitale tenester enn andre. Nagell blir provosert av nemnde Harari som nyleg sa til Aftenposten at dei som har makt er dei som ikkje bruker sosiale medium.

– Kven har moglegheit til det? Det handler om ulikskap og det handlar om klasse. Derfor er det ikkje så lett å seie at ein berre skal melda seg ut, og så får ein tilbake kontroll, for det er langt enklare for ressurssterke personar å gjere dette.

I miljøkampens fotspor

Det som vekkar mest uro hos Nagell er at digitale selskap som Google og Facebook ikkje berre har makt over kva som dukkar opp på skjermane våre. Her er det snakk om aktørar så store at dei kontrollerer alle delane av ei verdikjede, og alle område av liva våre: frå skule, helse og utdanning til offentleg samtale, mediekonsum og transport – nær sagt alt.

Denne typen radikal maktkonsentrasjon fordrar òg radikale grep, seier Nagell:

– Viss dette får skje utan at vi tenkjer på anna enn at her må vi sørge for at det blir innhenta samtykke, og at det ikkje oppstår monopol, då har ein tapt litt. Vi må gjera noko meir radikalt enn det, og då er demokratisk eigarskap over data ein viktig agenda, og ein måte å ta makt og fridom tilbake.

Skal ein få til digital revolusjon er det mykje å lære av miljøkampen, meiner forfattar Hilde Nagell. Her frå klimabrølet 30. august 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Dette kan kvar og ein av oss bidra til, ifølgje Nagell, ved å stille spørsmål og tru på at digitale tenester ikkje må vera like utbyttande som dei er no.

– Det er ikkje slik at den kommersielle modellen på internett no er den einaste moglege. Eigentleg kan ein lære mykje av miljøkampen: På same måte som miljø ikkje var del av kvardagspolitikken for 15 år sidan, er heller ikkje dette det. Men miljø har kome på banen grunna aktivisme, fordi folk har organisert seg rundt nokre krav.

Ein annan fridom

Men Nagell er ikkje heilt ferdig med fridom. For det er noko ufritt ved jobbane som no veks fram i den digitale økonomien, meiner ho, og vi lyt tilpassa synet vårt på fridom slik at vi tar omsyn til denne ufridomen:

– Ut frå det klassiske fridomsomgrepet er du fri så lenge ingen tvinger deg til noko. Men denne tar ikkje inn ufridomen i å bli styrt av algoritmar som fortel deg kor mange sekund du har pause, og som registrerer do-besøka dine som tid utanfor arbeid, slik lagerarbeidarar i Amazon har opplevd, seier Nagell, og legg til:

– Innanfor denne forståinga av fridom er det heilt frivillig at ein jobbar så mange timar, og det er heilt frivillig at ein gjer det til slik ei låg lønn òg. Men så er det noko i denne situasjonen som er ufritt: det er ein form for systematisk ufridom som du har hatt òg før det digitale, men som ein har fått i ekstrem grad i ein del av jobbane som kjem når ein jobbar via ein app.

Fridomen Nagell tar til orde for, som innanfor den politiske filosofien blir kalla republikansk fridom, føreset at ein ikkje er strukturelt avhengig av andre og at andre ikkje har vilkårleg makt over ein. Først når ein ikkje lenger er prisgitt andres godvilje, og kan sjå folk i augo utan å krympe seg, kan ein snakka om fridom i denne tradisjonen:

– Fridom handlar òg om å ikkje stå med lua i handa. Det kan du gjera utan at nokon tvingar deg til noko som helst, avsluttar Nagell.

Artikkelen er ein del av ein artikkelserie om korleis demokratiet kan utvidast og utviklast vidare. Har demokratiet nådd toppen av utviklinga si no, eller kan det opnast for endå meir deltaking? Artikkelserien er støtta av Fritt Ord.

Dei store teknologiselskapa haustar data om oss i store mengder. Men det er blitt enklare å sjå dei i korta. Foto: Eirik Tangeraas Lygre