Bokmelding: «Rundt jorda og tilbake» – sår og morosam

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Inger Johanne Sæterbakk frå Orkanger er aktuell med ungdomsromanen Rundt jorda og tilbake. Den handlar om Jonas som har fått tilværet snudd på hovudet.

Omslag: Aschehoug

Mamma og pappa er nyskilde, pappa bur saman med nykjærasten, og mamma slit med både kjenslene og det praktiske. Jonas og litlebroren Andreas skal halde fram med å bu med mamma. Ei praktisk løysing er å leige ut delar av huset, som også vil seie rommet til Jonas, for å få inn ekstra pengar. Verre er det med kjenslene.

Jonas inntar ei vaksenrolle og gjer alt han kan for å kompensere for sorga som mora lever i. Etter kvart veks ein tanke fram. Han skal prøve å få mamma til å smile igjen. Og enda betre, tenk om mamma og pappa kan finne saman igjen! Det skal han gjere ved å spele songen faren ein gong skreiv til mora på ein skolekonsert: «Around the world».

«Det er ein song med lyse tonar og fine ord som mamma bruker å smile av. Ho gjorde iallfall det før, då pappa spelte den songen for ho på gitaren sin. Men no er det eg som må spele songen, eg som må gjere mamma glad».

Sår og morosam

For ein vaksen er det sårt å lese om barn som må ta ansvar for dei vaksne. Det skal jo vere omvendt! Sjølv om dette er ei barne- og ungdomsbok, er dette eit viktig perspektiv som også vaksne har godt av å få med seg. Rundt jorda og tilbake skildrar ei sår historie, men det er også ei morosam og fin bok som gir von.

I kjellaren, og dermed i det gamle soverommet til Jonas, flyttar nemleg Mina inn. Ho er like gamal som Jonas, og ho blir til god hjelp i ei vanskeleg og opprivande tid. Mina er morosam og klok, og ho fortel Jonas at ein skilsmisse ikkje treng å vere verdas undergang. Det vil helst gå godt, men både vaksne og unge treng tid.

Å vere ung når livet er vanskeleg

Rundt jorda og tilbake er den andre ungdomsromanen til Inger Johanne Sæterbakk. 1000 dagar kom ut i 2017. Dette er ein sjanger ho meistrar godt. Ho klarer å skildre korleis det er å vere ung når livet er vanskeleg, utan at det blir falskt og påtatt. Gjennom dei korte kapitla er dialogen og tankane til Jonas i sentrum.

Og sist, men ikkje minst, er boka spennande. Korleis vil det eigentleg gå med den skolekonserten? Vil Jonas lukkast med planen sin?


Zeshan Shakar las knapt ei eineste bok då han var tenåring, men skulen tvinga han til å lese Beatles av Lars Saabye Christensen: – Den blei ei av dei aller største lesaropplevingane eg har hatt

Zeshan Shakar gjorde braksuksess med debuten «Tante Ulrikkes vei» (2017), som har vorte sett opp på teater og no skal filmatiserast. Her er han plassert framfor omslaget til andreboka «Gul bok». Foto: Julie Pike, Gyldendal